Einingsleiar Bjørgvin Ungdomssenter
Bufetat
- Frist 20.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du eit brennande engasjement for ungdom? Me søkjer ny einingsleiar ved Bjørgvin Ungdomssenter
Har du eit brennande engasjement for ungdom og eit ynskje om å medverke til å gjera ein skilnad for dei som treng det mest? Har du eit stort hjarte og ein vilje av jern? Klarer du å sjå "gullet" og moglegheiter i krevjande situasjonar? Då er det kanskje nett deg me søkjer etter som ny einingsleiar for Bjørgvin Ungdomssenter.
Om Bjørgvin Ungdomssenter
Bjørgvin Ungdomssenter er i dag ein institusjon med to avdelingar som har plass til 8 ungdomar i alderen 13-18 år. Ungdomane sin problematikk er kjenneteikna av alvorlege åtferdsvanskar, der vedvarande rusmisbruk er den viktigaste utfordringa. Bjørgvin Ungdomssenter gjev tilbod om rusbehandling etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR), som byggjer på kognitiv åtferdsterapi.
Me søkjer no etter DEG med solid leiarkompetanse og relevant røynsle. Du vert motivert av å gjere ein skilnad for dei ungdomane som treng det mest, og saman med avdelingsleiarane, behandlingsleiarane og personalgruppa ynskjer du å utvikle eininga vidare. Det er for tida tilsett ca 40 årsverk ved eininga.
Regionens ressursmiljø for tryggleik og sikkerheit er også organisert ved eininga. Ressursmiljøet gir opplæring i korleis me arbeider systematisk med å førebyggje og handtere konfliktsituasjonar i alle dei statlege barnevernsinstitusjonane i regionen og nokon private.
Bufetat region vest held på med mykje spanande utviklingsarbeid på institusjonsområdet. Ny leiar ved Bjørgvin Ungdomssenter kan bli involvert i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Om stillinga
Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for Bjørgvin Ungdomssenter.
Det inneber at du:
- har budsjett- og personalansvar for eininga
- saman med leiargruppa skal sikre at eininga vert drifta forsvarleg og i tråd med behandlingsmetoden
- bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevjande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret
- ivaretek god internkontroll på alle driftsområde og tek hand om einingas HMS-arbeid
- medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
Kunnskapsbaserte metodar
For å lykkast med oppdraget treng me gode verktøy. Me har gode fagmodellar for å ta hand om oppdraget vårt. Me samhandlar mellom anna med kompetansemiljø som Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Nasjonal eining for behandlingstiltak (NABE) og nasjonalt spisskompetansemiljø for behandling. I tillegg har me nasjonale og regionale rettleiingsstrukturar.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha:
- relevant mastergrad innan sosial- og helsefaga eller relevant master innan leiing. Relevant sosialfagleg bachelorutdanning kan også vere aktuelt i kombinasjon med 30 studiepoeng vidareutdanning
- minimum 15. stp innan leiing og administrasjon
- relevant leiererfaring med personal-, fag- og økonomiansvar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kompetanse på bruk av digitale verktøy
- førarkort klasse B
Dette ønskjer vi at du har:
- røynsle frå arbeid med ein kombinasjon av strategiske og operative leiaroppgåvar
- relevant vidareutdanning
- rettleiingskompetanse
- røynsle frå barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet
- røynsle med, og kunnskap om målgruppa
Personlege eigenskapar
Kven er du?
Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarar å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevjande situasjonar.
For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben, vi legg særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderende ferdigheiter. Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:
- du har evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarane
- du er analytisk, har god systemforståing, er resultatorientert og evner å arbeide strukturert og sjølvstendig
- du legg til rette for eit godt arbeidsmiljø
- du er klok, modig og komfortabel i krevjande situasjonar og konfliktar
Vi tilbyr
Kva får du av oss?
- Som leiar i Bufetat vil du få ein stabil og seriøs statleg arbeidsgjevar i ryggen. Me vil gjere vårt ytterste for at du skal lykkast i ditt leiarskap! Du vil bli ein del av eit større regionalt leiarnettverk som treffast 10 gonger i året, og du vil få oppfølging og rettleiing frå din nærmaste leiar. Du blir ein del av eit dynamisk miljø med gode kollegaer og eit engasjerande og spanande fagmiljø med fokus på fagutvikling. Du vil og delta i spanande utviklingsarbeid som inneber å leie prosessar i eiga eining.
I tillegg til dette vil du som leiar hos oss ha tilgang til regionale støttefunksjonar opp mot eininga innan fag, økonomi og HR. Me i Bufetat er opptekne av å vere eit felles lag på tvers av funksjonar, einingar og arbeidsoppgåver under fanen "Me i Bufetat og me rundt dei sårbare barna". - Stillinga er plassert i statlig lønsregulativ i stillingskode 1493 leiar, med løn pt. kr. 692.400 - 845.900 pr. år (ltr. 70-79). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte kandidatar kan noko høgre løn verte vurdert. Søkjarar vert gjort merksame på at lønsoppgjeret i staten først vert ferdig hausten 2024, som eventuelt kan medføre noko justering av løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre betre. Derfor ynskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin Ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ynskjet ditt ikkje kan bli teke til følgje.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og varigheit skal leggast som vedlegg elektronisk i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bønesstølen, 5154 Bønes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Einingsleiar
- FINN-kode 364560531
- Sist endret