Kommunikasjonsrådgjevar
Universitetet i Bergen
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Kommunikasjonsrådgjevar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Vi søkjer ein erfaren og engasjert kommunikasjonsrådgjevar (kode 1434 rådgjevar).
Stillinga er knytt til Gruppe for prosjekt og marknadsføring på Kommunikasjonsavdelinga ved UiB. UiB skal vidareutvikle nettsider og andre digitale kanalar for kommunikasjon, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging og ser etter ein allsidig rådgjevar til å styrke kompetansen på området.
Du blir ein del av eit offensivt kommunikasjonsmiljø som tek sikte på å vere leiande i sektoren på digital kommunikasjon. Vi jobbar tett med leiande kommunikasjons- og analysebyrå for at UiB skal styrke eit allereie godt omdømme.
Den vi søker må ha solid kompetanse på digital kommunikasjon i forskjellige plattformar og kanalar. Stillinga vil òg innebere operativt og praktisk kommunikasjonsarbeid, mellom anna knytt til studentrekruttering, nettsider, innhaldsproduksjon og analyse.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene inkluderer eit breitt spekter av nettside-, marknads- og kommunikasjonsoppgåver som krev høg kompetanse på digitale verktøy og forståing for moglegheitene som ligg i desse.
- Arbeid med nettsider
- Utforme, produsere og publisere relevant og målretta innhald til digitale flater
- Vidareutvikle digital marknadsføring på digitale plattformar
- Arbeid med analyse og brukarinnsikt
- Arbeid med arrangement
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på bachelornivå
- Erfaring med marknadsføring og/eller merkevarebygging
- Erfaring i å sette opp og optimalisere kampanjar i digitale kanalar
- Erfaring med utvikling og produksjon av digitalt innhald (t.d. nettinnhald, annonser, sosiale medium, grafikk mm)
- Erfaring med arbeid på nettsider
- Erfaring med brukartesting og analyseverktøy
Eigenskapar:
- Trivst med å løyse oppgåver på ein kreativ og nytenkjande måte
- Erfaring med å koordinere eller leie prosjekt eller arrangement er ein fordel
- Det er ei føremon om du har erfaring i å jobbe med ei ung målgruppe
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Ein god lagspelar og relasjonsbyggar
- Høg gjennomføringsevne
Stillinga krev at du søker relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt. Du må arbeide systematisk og ha gode koordineringsevner. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
- Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
- Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokalar i Bergen sentrum
- Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
- Fleksibel arbeidstid
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) med årsløn kr. 604 900 - 667 700 brutto i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkarar kan det vurderast høgre lønn.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd), blant anna trening i arbeidstida
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Jørgen Thune Johnsen (jorgen.johnsen@uib.no / 976 47 829) eller kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne (anne.grepne@uib.no / 468 65 073)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon, Rådgivning
- FINN-kode 364735447
- Sist endret