Avdelingssjef Drift/teknisk stab
Helse Bergen
- Frist 25.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingssjef Drift/teknisk stab
Dei fleste ikkje-medisinske avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus er knytt til Drift/teknisk divisjon, som har om lag 1000 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 2,3 milliardar kroner. Divisjonen har ansvar for planlegging og styring av ein investeringsportefølje på om lag 1 milliard kroner knytt til nybygg og ombyggingar, drift av omlag 500.000 m2 bygningsmasse og over 10.000 utstyrskomponentar for medisinsk-teknisk utstyr.
Divisjonen har 10 einingar som leverer ikkje-medisinske støttetenester og produkt til føretaket. Mottoet vårt er at vi skal bidra til å gjere kvardagen lettarar for omgjevnadene våre. Vi er ein divisjon som gjennom rett kvalitet og god service, er totalleverandør av kostnadseffektive servicetenester og produkt til brukarane våre. Avdelingane i divisjonen er Hospitaldrift, Teknisk avdeling, Medisin-teknisk avdeling, Drift/teknisk kundesenter, Arealforvaltning, Pasientreiser, Dokumentasjonsavdelinga, Prosjektkontoret, Barnehagane og Haukeland hotell.
Vi søker no ein avdelingssjef for Drift/teknisk stab. Som avdelingssjef for stab er du opptatt av å legge til rette for sikker og stabil drift, og dessutan bidra til konkurransedyktige og kostnadseffektive tenester. Du har ein samlande, involverande, tydeleg og ivaretakande stil. Du vil rapportere til divisjonsdirektør ved Drift/teknisk divisjon og sit i divisjonen sin leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Overvaking og rapportering av divisjonen sin økonomiske status
- Utarbeiding av økonomiske analysar og avgjerdsgrunnlag
- Overordna ansvar for divisjonen sin budsjettering og langtidsplanlegging
- Bidra til investeringsbudsjett og ansvar for månadleg investeringsrapportering
- Ansvar for berekning av avskrivingar og oppfølging av anlegg saman med Rekneskapsseksjonen
- Bidra til effektiv ressursstyring og kostnadskontroll
- Bidra til at divisjonen blir vidareutvikla og tilpassa endringar i sjukehuset
- Hjelp og støtte divisjonsdirektør i utøvinga av verksemdsstyring
- Inngå i leiargruppa i Drift/teknisk divisjon
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå innan økonomi, finans eller tilsvarande
- Erfaring som controllar, økonomileiing eller liknande
- God kjennskap til økonomistyring, budsjett og rekneskap
- God forståing for drifts- og prosesshandtering
- Erfaring frå helsevesenet eller tilsvarande kompleks organisasjon
- Gode analytiske evner og systemforståing
- Evne til å organisere og prioritere på tvers av fleire avdelingar for å sikre effektiv drift
Personlege eigenskapar
- Du har sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du evner å motivere eit mangfaldig leiarteam og andre tilsette
- Du evner å bidra til å planlegge komplekse tenester og ressursar
- Du har eit sterkt fokus på å tilfredsstille kundane sine behov og forventningar
- Du evner å tilpassa deg endringar og handtere utfordringar
- Du er nysgjerrig og open for ny teknologi, metodar, læring og forbetring
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande stilling i ein dynamisk organsasjon
- Ein viktig jobb med eit sterkt samfunnsoppdrag
- Mange spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Bedriftsidrettslag
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare1 4.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidrar i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap / Controller, Økonomi og regnskap / Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingssjef, Drift-teknisk stab, controller, økonomistyring, økonomiledelse, budsjett og regnskap, drifts- og prosesshåndtering
- FINN-kode 364884731
- Sist endret