![Stiftelsen Bymuseet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/1/364/567/381_cb166889-3ef3-44ff-b9a1-37e5fa7d73a8.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/10/vertical-5/11/c/05c/b75/10-/494/e-1/1ed/-9c/b4-/399/2e3/f54/87c_677552019.jpg)
Rettleiar
NAV
- Frist 27.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Nordens mest spennande og komplekse førstelinje søkjer sjølvstendige og snarrådige rettleiarar
I NAV Kontaktsenter Vestland har vi fleire ledige faste rettleiarstillingar. Vi søkjer etter personar som er sjølvstendige og rådsnare, og som stoler på eigne avgjersler. Ei av våre viktigaste oppgåver er å sikre at folk som kontaktar NAV får den bistanden dei treng, og vårt mål er å stadig skape betre brukarmøter.
NAV Kontaktsenter er eit av Noregs største og mest avanserte kontaktsenter som handterar ca. 5,4 millionar brukarhenvendingar kvart år. Vi er NAVs faglege førsteline på telefon, chat, digitale kanalar og sosiale medium. NAV Kontaktsenter består av 1000 medarbeidarar fordelt på fleire lokasjonar i heile landet.
NAV Kontaktsenter er i endring og omstilling. Du må difor rekne med endring i arbeids- og ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver
- informere og rettleie folk hovudsakeleg på telefon eller i skriftlege kanalar om moglegheiter innanfor NAV sitt tenesteområde
- rettleie i bruk av sjølvbetjeningsløysingar
- rettleie om arbeidsmarknaden med mål om å få fleire i jobb
- leie samtalen, lytte, avklare, syne til relevant og rett informasjon, skrive referat
For å få betre innsikt i arbeidsoppgåvene, sjå filmen om korleis det er å jobbe som rettleiar i NAV Kontaktsenter: https://vimeo.com/722838212
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum tre-årig utdanning frå høgskule eller universitet
- engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag
- svært gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk
- digital kompetanse og evne til å rettleie brukarar i sjølvbetjeningsløysingar
Personlege eigenskapar
Me ønskjer at du:
- er rådsnar og sjølvstendig
- har evne til å vera 100% til stades kvar dag i kvart brukarmøte
- har emosjonell styrke til å møta brukarar som er i krevjande livssituasjonar
- liker å jobba i ein planlagd kvardag med føreseielege rutinar og prosedyrar
Vi tilbyr
- utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- ein arbeidsstad som heile tida utviklar seg til det beste for brukarar og samfunn
- stilling som førstekonsulent (kode 1408) eller rådgjevar (kode 1434 ) med lønsspenn frå kr 524 700 - kr 594 500 (lønstrinn 53-61)
- moglegheit for hybrid arbeidskvardag innanfor våre retningsliner
- god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løn trekk vi 2 %)
Søknad og CV sender du via lenkja nedanfor. Attesterte vitnemål frå vidaregåande skule og høgskule/universitet samt attestar lastar du opp saman med søknaden. Vitnemål deler du via www.vitnemålsportalen.no. Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetning av dine papir samt ei godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse ( https://hkdir.no/).
Om arbeidsgiveren
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
NAV, Veileder, Sosionom, Humanstiske fag, Rådgivning
- FINN-kode 365417330
- Sist endret
Lignende annonser
![Stiftelsen Bymuseet i Bergen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/1/364/567/381_cb166889-3ef3-44ff-b9a1-37e5fa7d73a8.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![NAV logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/09/4/364/892/174_aa1e594a-eacb-4df3-bbaa-493dd0730454.png)
![Hordaland friomsorgskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1623336320/iad_2847496983460934581kriminalomsorgen.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-1/13/3/365/593/733_7f751859-673f-4d11-83fb-d9faa4f47cfe.jpg)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/05/7/364/206/117_d67470ae-a923-4646-8383-9441cef7c3c8.png)
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-1/11/9/365/329/259_6a481b9b-f5d3-44e4-86f1-1bbd7c36d118.jpg)
![NAV logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/12/6/365/472/536_30ee6e1a-44cd-472c-b3c3-36283eca0564.png)