
Anleggsmaskinførar/grunnarbeidar/anleggsrøyrleggar
Engelsen Anlegg As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer deg på laget vårt
Grunna auka arbeidsmengde treng me fleire på laget vårt! Difor søkjer me etter anleggsmaskinførar og grunnarbeidar/anleggsrøyrleggar.
Er du ansvarsbevisst, påliteleg, positiv og med stå-på vilje? Ser du for deg å jobba i eit engasjert og aktivt arbeidsmiljø? Du har gode HMS vanar og er kvalitetsbevisst i ditt arbeid? Då er du den me ynskjer oss på laget!
Du må ha ein eller fleire av desse kvalifikasjonane:
- Fagbrev anleggsførar.
- Fagbrev anleggsrøyrleggar.
- Fagbrev veg- og anleggsfaget.
- ADK - 1.
- Maskinførarbevis min. M2.
- Sertifikat min. klasse B.
Me kan tilby:
- Konkurransedyktige løns- og forsikringsordningar og arbeidsvilkår.
- Vidareutdanning og fagbrev.
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spanande og varierte arbeidsoppgåver.
- Stor grad av sjølvstende i arbeidskvardagen.
Du må beherska norsk – både munnleg og skriftleg.
Verkar dette interressant? Send søknad med CV til: to@engelsenanlegg.no. Skriv i emnefeltet: søknad
Om arbeidsgiveren
Vår kjerneverksemd er planlegging og produksjon innan grunn- og anleggsarbeid. Me utfører alle typar oppdrag, både for private og offentlege. Verksemda er medlem av EBA, og innehar sentral godkjenning i høgaste tiltaksklasse innan våre fagfelt.
Me held til på Stord, men me tek på oss oppdrag i heile Sunnhordlandsregionen.
Me er ei godkjent læreverksemd i anleggsmaskinførar- og veg- og anleggsfaget. Me har som målsetjing å ta inn lærlingar årleg. Verksemda arbeider med, og har til ei kvar tid høg fokus på HMS/KS.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hamnegata 86, 5411 Stord
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Grunnarbeid, Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
maskinfører, grunnarbeider, anleggsmaskinfører, anleggsrørlegger
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 365762477
- Sist endret