Miljørettleiar ved Borgafjellet barneskule
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Vi har ledig 100% vikariat som kontaktlærar frå snarast og ut skuleåret, med moglegheit for forlenging.
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapatrygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket forKunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og fastenettverk.
Arbeidsstad Borgafjellet barneskule
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2024/2025 har vi 265 elevar og om lag 35 tilsette. Skulen er ein to parallell skule. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på barnetrinn.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse(HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjordenkommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø.
Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar.
Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel oghar evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk, engelsk.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
-Løn etter gjeldande avtalar
-Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
barneskole, kontaktlærer, vikariat, undervisning
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester