Koordinator ved Regional senter for kjønnsinkongruens - vikar
Helse Bergen
- Frist 15.09.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Koordinator i Regionalt senter for kjønnsinkongruens i Barne- og ungdomsklinikken - 1 års vikariat
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehuspå Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionaleog enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntilfylte 18 år, og erlokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2024 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samlavi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykiskhelsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande muligheter for framtida.
15. februar 2024 opna Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) i Barne- og ungdomsklinikken i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus. Utviklinga av regionale tenester til pasientar med kjønnsinkongruens er ein nasjonal satsing og skjer i tett samhandling med dei øvrige regionale sentra og nasjonal behandlingsteneste ved OUS. Det regionale senteret har ansvar for å etablere og utvikle regionalt fagnettverk og å tilby spesialisthelsetenester til pasientar i regionen og er i tett samhandling med fastlegar og og kommunale helsetenester. Senteret har god dialog med og involvering av brukarorganisasjonar-/-representantar.
Senteret er fleirfagleg og har tre medarbeidarar, 50% psykologspesialist, 30% LIS-lege og 100% koordinator.
Les meir om oss: Barne- og ungdomsklinikken
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikle pasientforløp og ha pasientarbeid i poliklinikk i RSKI
- Vidareutvikle regionalt fagnettverk i Helse Vest
- Samarbeide med dei øvrige regionale sentra i Helse Sør-Øst, Helse Nord og Helse Midt og nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens i OUS/Helse Sør-Øst
- Ha god dialog og kontakt med kommunehelsetenesta og fastlegar
- Sikre god involvering av brukarorganisasjonar/-representantar
Kvalifikasjonar
- Helsepersonell med norsk autorisasjon, for eksempel helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, med god kjennskap til fagfeltet
- Ønskeleg med utdanning i sexologi
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne med kjønnsinkongruens
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Erfaring med forsking- og/eller forbetrings- og fagutviklingsarbeid
- Prosjektkompetanse og eller leiarerfaring er ønskeleg
- Gode norskkunnskapar
- Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredstillande politiattest jf. Lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Du må ha vilje og evne til samarbeid
- Du må vere open for nye utfordringar og vere engasjert
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du må kunne arbeide sjøvstendig og i tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Et god fagleg arbeidsmilijø
- 1 års vikariat, stilling i 80-100% etter ønske
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesykepleier, Psykiatri, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Koordinator, Regional senter for kjønnsinkongruens, sykepleier, psykiatri, helsesykepleier, barn og unge
Annonseinformasjon
- FINN-kode 365920342
- Sist endret