![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/0/logo_hf_48200.png)
Radiograf
Helse Førde
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Radiograf
Ønskjer du fast jobb som radiograf midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang påkafear, konsertar og butikkar?
Vi har ledige stillingar ved Førdesentralsjukehus:
- 100% fast stilling frå 16.09.2024
- 100% vikariat frå 16.09.2024 - 31.08.2025
Stillingane inneheld radiograffagleg arbeid innan røntgen, intervensjon/gjennomlysing, CT ogultralyd. Fast stilling inneheld også arbeid i Mammografiprogrammet medutføring av mammografiscreening i ein liten del av stillinga. Stillingane erdel av ein 3-delt turnus (35,5 t/veke) med arbeid kveld, natt og kvar 3.-4.helg.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og faglegutvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer ogmykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening),gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førdesentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innandei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegareSogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, ogBergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrummed stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar,arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelegemoglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord ogfjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn,alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange ogvarierte.
Arbeidsoppgåver
- Utføre radiograffagleg arbeid innan CT, konvensjonell røntgen, gjennomlysing/intervensjon
- Utføre oppgåver innan mammografiscreening (for fast stilling)
- Assistere radiolog ved ultralyd
- Arbeid i team, også med andre einingar og profesjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Arbeider godt i team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Kjekke og dyktige kollegaer
- Fagleg utfordringar og moglegheit for utvikling
- Tilpassa opplæring
- Konkurransedyktig lønn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Radiograf
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
radiograf, røntgen, CT, mammografi, Førde
- FINN-kode 365931789
- Sist endret
Lignende annonser
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/logo_hf_48202.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/02/6/363/734/616_bde6e11c-1105-4ed4-9c88-129624c079aa.jpg)
![People Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/9/360/397/219_1d79fd3d-4684-421c-9ac0-d20b4b70807e.jpg)
![VILLOID logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/09/6/363/426/556_2a696fbd-e573-4a3c-bab8-c03e9618a056.png)
![Sincere AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/31/9/363/450/929_04ce41c0-46fd-4b0c-868c-0fd093d6eed9.png)
![EL-PROFFEN logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/09/7/364/875/517_93bd7ec3-4fb2-4318-bff1-033a16bbdb68.jpg)
![Hordaland friomsorgskontor logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1623336320/iad_2847496983460934581kriminalomsorgen.png)
![Sogn Sparebank logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/05/8/359/969/108_a94e5de0-7247-4ca9-bf17-5b0323b3136e.png)
![Indre Østfold fengsel logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1623336320/iad_2847496983460934581kriminalomsorgen.png)
Indre Østfold fengsel -Miljøterapeut/Fengselsbetjent i Ungdomsteam
Indre Østfold fengsel
![BERGER Performance Marketing AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/18/1/361/334/401_b05cfbff-2471-42ab-bd95-653a019e17b1.png)