Regnskapskonsulent - 100% fast stilling
Øystre Slidre kommune
- Frist 5.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Regnskapskonsulent - 100% fast stilling
I økonomiavdelinga er det ledig 100 % fast stilling som regnskapskonsulent.
Vi søkjer etter ein grundig, nøyaktig og sjølvstendig kandidat som engasjerer seg for regnskap som fag, og som ivrar for utvikling. Vi er ei avdeling med eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø. Økonomiavdelinga har ansvar for regnskapsføring, fakturering og innfordring for kommunen og andre offentlege verksemder. Vi bidreg også med val-gjennomføring og andre stabsfunksjonar. Avdelinga består av fire-fem medarbeidarar, ein regnskapssjef og ein økonomisjef. Vi håpar dette høyres interessant ut for deg og gledar oss i så fall til å lese din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Registrering, kontroll og avstemming av regnskap
- Oppfølging og veiledning overfor tenesteområda
- Bidra i vidareutvikling av digitale løysingar og interne rutinar
- Kommunikasjon eksternt og internt
- Fakturering o.l.
- Anna arbeid i økonomiavdelinga
Kvalifikasjonar
- Personlege eigenskapar egna for arbeidet
- Relevant utdanning innanfor økonomi, fortrinnsvis på høgskulenivå
- Erfaring frå relevant økonomisk arbeid. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- God digital forståing
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har interesse for faget, er positiv, serviceinnstilt, effektiv, nøyaktig, har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig. Du er løysingsorientert, og har vilje og evne til å setja deg inn i ny teknologi og nye arbeidsoppgåver.Det må påreknast noko ekstraarbeid i periodar, primært i samband med årsoppgjer.
Vi tilbyr
- Ordna arbeidsforhold.
- Fleksitidsordning med kjernetid og sommartid.
- Nødvendig opplæring og veiledning.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.
Øystre Slidre kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Du vil bli vurdert ut i frå den dokumenterte kompetansen og erfaringa du har. Du blir difor oppfordra til å laste opp vedlegg til søknaden som dokumenterer din CV (tenestebevis/attestar, vitnemål, autorisasjon mv.). Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må vera godkjent NOKUT, og godkjenninga må vera dokumentert.
Det blir gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren blir varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Om arbeidsgiveren
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomi, Regnskap, Øystre Slidre, Kommune, Valdres
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366089384
- Sist endret