Strategisk kommunikasjonrådgivar
Agenda Vestlandet
- Frist 30.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ei rolle med stor påverknad i utviklinga av Vestlandet?
Vestlandet er Noregs viktigaste vekstmotor. Vår region spelar ei sentral rolle i den omfattande omstillinga som landet vårt no står ovanfor. Agenda Vestlandet er ein allmennyttig stiftelse, oppretta av Sparebanken Vest, med mål om å vere drivkraft for ei berekraftig samfunnsutvikling.
Agenda Vestlandet står bak initiativ som Vestlandskonferansen, Handlekraft, Women in Tech, Volum og Unge Leiarar. Initiativ som er viktige verktøy for kompetanseheving for leiarar på Vestlandet. Agenda Vestlandet deler ut allmennyttige gåver til prosjekt som akselererer det grøne skiftet på Vestlandet.
Som strategisk kommunikasjonrådgivar i Agenda Vestlandet vil du få det overordna ansvaret for den strategiske historieforteljinga i stiftinga. Vi søker deg som har dokumentert evne til strategisk tenking og planlegging, og som har solid gjennomføringsevne. Agenda Vestlandet har høge ambisjonar på vegne av Vestlandet. Di oppgåve er å vise fram beste praksis frå den rike prosjektportefølja og initiativ til stiftinga, og å løfte fram visjonære vestlendingar som har fått støtte frå oss.
Din arbeidskvardag vil bestå av:
Utvikle ein tydeleg kommunikasjonsstrategi for Agenda Vestlandet: Utvikle både overordna strategi, samt strategi for våre enkeltprosjekt og satsingar.
Auke kjennskapen til Agenda Vestlandet og prosjekta vi støttar: Bruke rapportar og innsikt til å utvikle inspirerande forteljingar som tydeleg viser korleis innsatsen vår bidreg til positiv utvikling og utgjer ein reell forskjell for lokalsamfunna på Vestlandet.
Tett samarbeid: Arbeide side om side med teamet i Agenda Vestlandet, Sparebanken Vest og samarbeidspartnarane våre, for å sikre at suksesshistoriene våre når breitt ut til publikum gjennom ulike kanalar.
Kontinuerleg læring: Identifisere læringspunkt og bidra til kontinuerleg forbetring av Agenda Vestlandet.
Vi ser etter deg som:
Har relevant høgare utdanning: Minimum bachelorgrad innan kommunikasjon, strategi eller leiing.
Har sterk formidlingsevne: Du har erfaring innan strategi og kommunikasjon, og gjerne næringspolitisk arbeid. Du kan formidle informasjon på ein klar, inspirerande og overtydande måte, og likar å lage presentasjonar.
Er samfunnsengasjert: Du ønskjer å utgjer ein forskjell og bidra til ei berekraftig framtid.
Er ein skikkeleg god lagspelar: Du trivst med samarbeid, og har evna til å byggje gode relasjonar med kollegar, samarbeidspartnarar og andre interessentar.
Dette får du hos oss:
Meiningsfylt arbeid: Du får jobbe saman med ei rekke visjonære vestlendingar som får støtte til sine prosjekt frå Agenda Vestlandet, og formidle kunnskapen dei representerer.
Inspirerande arbeidsmiljø: Jobbe saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit hardtarbeidande miljø der dine idear og bidrag blir høyrt og verdsett.
Flotte kontor: Midt i Bergen sentrum finn du Jonsvoll, kontoret vårt. Vi meiner i all beskjedenheit at det er ein fantastisk stad å arbeide: Lyst, funksjonelt, moderne og med ei kantine du vil bli glad i. Det er kort veg til både bybanen, byfjell og alt anna Bergen har å by på. Og om du kjem med sykkel, kan den parkerast trygt hos oss.
Søknadsinformasjon:
Vi vurderer søknadar fortløpande, så ikkje nøl med å sende søknaden din og CV så raskt du kan, og innan 30.08.24.
For spørsmål om stillinga er du velkommen til å ta kontakt med Tonje Schreiner, dagleg leiar Agenda Vestlandet på tlf. 99 16 35 11.
- Sektor: Privat
- Sted: Jonsvollgaten 2, 5011 Bergen
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366604855
- Sist endret