Dagleg leiar
Ulstein Elektro Installasjon
- Frist 17.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Ulstein Elektro Installasjon søker dagleg leiar
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar vil du ha stor innverknad på prosjekta våre og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet. Du vil få eit overordna ansvar for økonomien i selskapet og å vidareutvikle organisasjonen i tråd med gjeldande strategi.
Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere
- planlegging og gjennomføring av avtalte leveransar
- kalkulering av nye prosjekt
- bemanning og utvikling av organisasjonen
- økonomisk oppfølging og kontroll av prosjektportefølja
- å skape gode relasjonar til tilsette, samarbeidspartar og leverandørar
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har god fagleg kompetanse innan elektro. Relevant erfaring frå maritim sektor er ønskeleg. Det er ein fordel om du har leiarerfaring og erfaring frå prosjektleiing. Som dagleg leiar vil du få eit samla resultatansvar for verksemda, og det er nødvendig med god økonomi- og forretningsforståing.
Vidare ser vi for oss at du
- har god tverrfagleg teknisk forståing
- er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål
- er strukturert, initiativrik og nysgjerrig
- er oppteken av kontinuerlig forbetring og er løysingsorientert
- gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg (norsk og engelsk)
Ulstein tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Osneset i Ulsteinvik.
Søknadsfrist: 17. september – søknader blir fortløpande vurderte.
Ønsker du meir informasjon om stillingen?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgiverne
- Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Ulstein Elektro Installasjon i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
For meir informasjon, sjå ulstein.com
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Elektronikk, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, ceo, kvalitet, økonomi, utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366605174
- Sist endret