Konsulent Innbyggjarservice
Austrheim kommune
- Frist 08.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli eit kommune-fjes?
Konsulent Innbyggjarservice
Om stillinga
Fjes har dei same bokstavane som sjef, og det passar jo bra på oss som jobbar på Innbyggjarservice. Her sjefar vi med å ta telefonen, snakkar med dei som kjem innom, og vi hjelper andre kommunetilsette når dei lurer på eitt og hitt. Vi ser til at innkommande og utgåande brev kjem i rett mappe i arkivet og ut på postlista. I tillegg har vi har ansvar for ulike digitale system, skriv referat frå politiske møte, og kommuniserer med innbyggjarane via SMS og nettside. Innbyggjarservice har og oppgåver innan bustøtte, startlån, skjenkesaker og gjennomføring av val. Oppgåvene endrar seg i takt med organisasjonen Austrheim kommune og samfunnet ellers.
Innbyggjarservice er organisert saman med kultur, bibliotek, frivilligsentral og ungdomsarbeid i ei ganske ny eining, og held til på kommunehuset.
Arbeidsoppgåver
- sentralbord og innbyggjarkontakt
- postmottak og registrering av post
- kvalitetssikring av offentleg postjournal
- intern brukarstøtte
- sakshandsaming
- daglege driftsoppgåver
- delta i arbeidet med å heile tida justera rutinane våre slik at vi kan gjera jobben best mogleg for innbyggjarane, på enklaste moglege måte
- andre oppgåver kan bli aktuelle ut frå erfaring og interesse
Kompetanse
Denne lista er ikkje absolutte krav, men dette er ting som vil gleda dei som skal vurdera søknaden din:
- utdanning og arbeidserfaring innan relevant fagfelt
- god digital forståing
- gode språkkunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
- kjennskap til offentlege tenester, og interesse for saksfeltet
- kjennskap til relevante lover og regelverk, som til dømes offentleglova
Det er ønskeleg at du:
- er serviceinnstilt
- er nøyaktig og systematisk
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel
- har godt humør
Vi kan tilby
- varierte arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- moglegheit for vidareutdanning, sjå Austrheimmodellen
Austrheim kommune - Ledige stillingar (https://www.austrheim.kommune.no/ledige-stillingar/) - løn og tilsettingsvilkår i samsvar med lov - og avtaleverk
- god pensjonsordning i KLP
- arbeidstid 37,5 t/v
Bli kjent med Austrheim kommune!
Heim til Austrheim
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontor og administrasjon / Kontorarbeid, Kontor og administrasjon / Sentralbord
- FINN-kode 366606647
- Sist endret