Finansiell rådgjevar personmarknad
Luster Sparebank
- Frist 2.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med på laget vårt?
Me er ein sjølvstendig bank der gode kundeopplevingar, korte avgjerdsvegar og lokal avgjerdsmynde står i sentrum. Me søkjer no etter ein finansiell rådgjevar som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving til kundar innan kreditt, forsikring og sparing
- Ansvar for eigen kundeportefølje
- Bidra til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med banken sin visjon - «Saman når me måla dine!».
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- God økonomisk forståing
- Erfaring frå kunderetta rådgjeving eller sal
- Gjerne autorisert innan kreditt, forsikring og AFR
- Gode kunnskapar i bruk av relevant IT-verktøy og digitale løysingar
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein initiativrik person med god økonomisk forståing. Du har ein relasjonsskapande personlegdom som legg vekt på god samhandling og nettverksbygging mot kundane og internt i banken. Du er løysingsorientert og god til å kommunisere, og har i tillegg ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilby
- Ein bank som brenn for gode kundeopplevingar og positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av.
- Eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og kultur, god stemning og stå-på-vilje.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus!
Om arbeidsgiveren
Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst. Banken har 28 tilsette og har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster kommune. Banken skal vere ein god og løysingsorientert medspelar som bidreg til at både eksisterande og nye kundar kjenner økonomisk tryggleik og kan realisere sine draumar i tråd med visjonen - «Saman når me måla dine!».
- Sektor: Privat
- Sted: Øyagata 2, 6868 Gaupne
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
personmarked, forsikring, kreditt, sparing, finansrådgiver
Bli med på laget vårt! (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366643764
- Sist endret