Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Frist 1.9.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Har du sosialfagleg kompetanse og erfaring innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar?
Os ungdomsskule har inntil 2x78% stillingar for barne- og ungdomsarbeidar i engasjement for skuleåret 2024/25.
Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring for alle, nærvær og fråvær og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad:
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 490 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn.
Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Oppdraget i Kunnkapsløftet 2020 er sentralt i vårt arbeid med å fornya verdigrunnlaget, prinsipp for læring og arbeidet i klasserommet.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar, bl.a. ved arbeid med læringsmiljø og psykososiale faktorar -- altså vere mykje saman med elevar, både i friminutta og elles. Arbeide førebyggande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå.
Ha tett samarbeid med andre tilsette, føresette og hjelpeinstansar.
Følgje opp enkeltelev i skulen.
Delta i planlegging saman med personalet.
Vere ein tydeleg vaksen.
Kvalifikasjonar:
Ønskeleg med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller kompetanse frå tilsvarande arbeid.
Erfaring frå arbeid med barn med samspelsvansker.
Kjennskap til elever med vanskar som t.d. adhd eller elevar på autismespekteret.
Erfaring frå arbeid med ungdommar.
God relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar:
Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar.
Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
Tydeleg og god på kommunikasjon.Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Til nokre av stillingane oppfordrar vi særleg menn til å søkje.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Oshaugen 6, 5202 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid
Nøkkelord
ungdomsarbeider, skule, fagarbeidar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366643821
- Sist endret