Førstekonsulent - sosialkonsulent
Åna fengsel
- Frist 04.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
Førstekonsulent - sosialkonsulent
Om stillinga
Åna fengsel har ledig fast stilling, inntil 100 % som førstekonsulent - sosialkonsulent.
Ein førstekonsulent skal utføre sjølvstendig saksbehandling og ha evne til setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området. Stillinga eignar seg for nyutdanna med høgare utdanning, men utan lang relevant erfaring frå fagområdet. I tillegg kan førstekonsulentkoden også brukast for stillingar som har oppgåver som krev lang og inngåande erfaring frå fagområdet.
Sosialkonsulenten inngår i Servictorget ved fengselet
Servicetorget i Åna fengsel skal legga til rette for individuelt tilpassa rettleiing, bistand og informasjon til innsette og deira kontaktbetjent, og være eit bindeledd mellom samarbeidande instansar i og utanfor fengselet.
Servicetorget har 4 sosialkonsulentstillingar.
Arbeidsoppgåver
Sosialkonsulent har ansvar for koordinering og samordning av tiltak og planer rundt den innsette. Kartlegging og realistiske framtidsplanar dannar utgangspunkt for tiltak i straffegjennomføringstida, dvs. under varetekt, soning og prøvetid etter lauslating.
Det vert lagt vekt på nært samarbeid med andre faggrupper internt i fengslet, og eksternt som førstelinjetenesta, friomsorgskontor, institusjonar og andre instansar som innsette har kontakt med.
Kontakt med heimkommunar/ lokale NAV blir prioritert.
Sosialkonsulent har saksbehandlingsansvar og ansvar for hjelp og rettleiing i samsvar med straffegjennomføringslova.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Fyrstekonsulent
Du må ha
- relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Personlege eigenskapar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til samarbeid og motivering
- sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeide på tvers av fag- og avdelingar
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- evne til heilskapstenking, lojalitet og fleksibilitet
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gratis parkering
- ladestasjon for el-bilar
- Stillinga er løna som 1408 førstekonsulenti lønnstrinn 45 - 60 som utgjer kr 466 600 - 584 500 pr år
- Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Henriette Braut Brunes på telefon 51 79 91 62
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 160 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åna, 4365 Nærbø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366647151
- Sist endret