Familieveileder - 100 % fast stilling - Barnevern famileveiledning
Alver kommune
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi ønsker deg som brenn for veiledningsfaget!
Familieveileder - 100 % fast stilling - Barnevern famileveiledning
Om stillinga
Alver barnevernteneste søkjer familieveileder, og har no ei ledig fast stilling. Veiledningsteamet vil inngå i tenesta si Barne - og familieavdeling - som består av Veilederteam og Miljøteam. Avdelinga har to operative avdelingsleiarar. Avdelinga skal samhandle og samarbeide om oppgåver og det er forventa at avdelinga utviklar saman og er framtidsretta.
Teamet har fem 100% stillingar. Teamet får tilvist saker frå barneverntenesta, og arbeider såleis med identifiserte utfordringar hjå born og foreldre. I dette arbeidet søkjer ein å nytta kunnskapsbaserte metodar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene til familieveilederne er hovudsakeleg knytt til veiledning av foreldre og born/ungdom som har behov for oppfølging av barneverntenesta der endring av omsorgssituasjonen er målet. Ein veileder også foreldre som har barn under omsorg hjå barnevernet og fosterforeldre. Stundom veileder ein og foreldre som har ungdom med åtferd som krev barnevernstiltak.
Då avdelinga utgjer ein del av barneverntenesta som eit heile, er der og andre oppgåver t.d. knytt til observasjonar av samspel, vurdering av born sine omsorgsbehov og foreldre sine omsorgsferdigheiter.
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonskrav:
- Sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog/sosionom, evt annen 3 årig pedagogisk eller helsefaglig utdanning.
- Relevant vidareutdanning, som eksempelvis systemisk familieterapi og/eller erfaring og sertifisering innan kunnskapsbaserte intervensjonar (eks. COS, PMTO, Marte Meo mv.)
- Erfaring fra 1. linje barnevernstjeneste og/eller veiledning i barnevernssaker
Andre kvalifikasjonar: - Søkjar må ha gode relasjonelle evner
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og ha gode samarbeidsevner
- Søkjar må ha god arbeidskapasitet.
- Søkjar må har kompetanse/erfaring med endringsarbeid.
- Søkjar må vere løysningsfokusert - og halde seg fagleg oppdatert.
- Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø
God skriftleg - og munnleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Personleg høve vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig fleksibelt arbeid
- Individuell oppfølging
- Delta i utviklingsarbeid i avdeling og tenesta som heilskap
- Dyktige kollegaer
- Fadderordning og opplæring for nytilsette
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksitid
- Moderne kontorlokaler i Knarvik Helsehus
- God pensjonsordning
Det må påreknas noko arbeid på ettermiddag og kveld, men hovudsakleg arbeidstid i kjernetida.
Vilkår
Du må ha førarkort kl B.
Det er krav om godkjend polititattest etter barnevernlova ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.
Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Sosionom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366806405
- Sist endret