Marknadsrådgjevar til studentrekruttering
Universitetet i Stavanger
- Frist 4.9.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å rekruttere dei beste studentane til UiS?
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig eitt års vikariat som marknadsrådgjevar til studentrekruttering i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Vikariatet er ledig frå desember 2024.
Vil du vere med å rekruttere dei beste studentane til universitetet? Vil du jobbe som del av eit team og saman med dei engasjerte studentane våre gjere universitetet og utdanningane våre kjend for verda? Brennar du for digitale kanalar og har evne til å engasjere unge menneske med godt innhald? Da er dette stillinga for deg!
Stillinga rapporterer direkte til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt. Du vil jobbe i studentrekrutteringsteamet, og på lag med dei dyktige medarbeidarane våre i avdelinga og på fakulteta, samt andre interne og eksterne aktørar. Stillinga inngår også i institusjonelle nettverk innanfor fagfeltet.
Hovudoppgåver
- Operativt ansvar for UiS sine annonseringsverktøy (i hovudsak Meta, TikTok og Snapchat. Erfaring frå Google Ads er ein fordel, men ikkje eit krav.)
- Produsere engasjerande innhald til digitale kanalar og sosiale medium.
- Planleggje og delta i marknadsførings- og rekrutteringsaktivitetar saman med rekrutteringsteamet.
- Administrere UiS sine studentambassadørar, inkludert planlegging av skulebesøk og andre rekrutteringsaktivitetar.
- Gje råd til leiarar og tilsette om marknadsføring og kommunikasjon.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning som er relevant for stillinga. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring frå operasjonelt og strategisk marknads- og kommunikasjonsarbeid
- erfaring frå strategisk arbeid med digitale kanalar og med publisering i, og drifting av, sosiale mediekanalar
- svært god skriftleg formuleringsevne både på bokmål, nynorsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er strukturert og grundig med evne til å arbeide sjølvstendig
- er målbevisst, engasjert og tek initiativ til forbetringar
- er analytisk og allsidig
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 635.000 - 675.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/).
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Vibecke Lykke Olsen, mobil: 981 16 330, e-post: vibecke.olsen@uis.no
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Salla O. Andersen tlf: 51 83 19 76, e-post: salla.andersen@uis.no
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ullandhaug, 4036 Stavanger
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Medie- og innholdsproduksjon, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, Rådgivning, Tekstforfatter
Nøkkelord
markedsføring, sosiale medier, Google Ads, digital markedsføring, SoMe
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366938045
- Sist endret