Innkjøpsrådgjevar, 2 x100% fast stilling
Øygarden kommune
- Frist 09.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Innkjøpsrådgjevar, 2 x100% fast stilling
Ønskjer du å arbeide med offentlege anskaffingar i eit tverrfagleg miljø i ein stor organisasjon?
Øygarden kommune styrkar si innkjøpsavdeling og søkjer no etter 2 innkjøpsrådgjevarar.
Stillingane byr på varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med hovudfokus på gjennomføring av anskaffingar og kontraktsrådgjeving.
Ein av dei som vert tilsett skal hovudsakleg arbeide med anskaffingar innan bygg og anlegg, og vil samarbeide tett med utbyggjing i kommunen.
Den andre skal arbeide med anskaffingar meir breidt opp mot alle einingane i kommunen.
Innkjøp skal, gjennom gode og effektive anskaffingsprosessar og god kontraktsoppfølging, leggje til rette for at fellesskapets midlar utnyttast på best mogleg måte. Eininga er lokalisert på rådhuset på Straume og ligg til kommunalsjefområdet finans og økonomi.
Arbeidsoppgåver:- Koordinera, gjennomføra og kvalitetssikra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar
- Rettleiing og rådgjeving knytt til regelverket for offentlege anskaffingar
- Rådgjeving knytt til kontrakt og avtaleforvaltning
- Lage rutinar og rettleiarar
- Klage- og innsynshandtering
Må ha:
- Utdanning på minimum bachelornivå, innan relevant fagområde. Ved lang og relevant erfaring med offentlege anskaffingar kan dette kravet fråvikast.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå større og komplekse anskaffingar og gjerne innan bygg og anlegg
- God kjennskap til relevante NS-kontraktar
- Erfaring med kontraktsoppfølging
- Løysingsorientert, strukturert og effektiv.
- Evnar å jobbe godt både sjølvstendig og i tverrfaglege grupper
- Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Skriv i søknadsteksten kva for ei stilling du søkjer på!
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Rådgivning
- FINN-kode 367279603
- Sist endret