Daglig leiar
Hardangerrådet iks
- Frist 02.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil DU vera med å utvikla Hardanger?
Hardangerrådet iks søkjer DAGLEG LEIAR i 100 % stilling
Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Hardangerrådet iks si hovudoppgåve er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Om spennande aktivitet og prosjekt og informasjon om Hardangerrådet iks sjå http://www.hardanger.com
Hardangerrådet iks arbeider innafor 3 hovudområde:
- Politisk samordning og påverknad
- Kommunalt tenestesamarbeid
- Næringsutvikling
Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet.
Hardangerrådet iks søkjer
Dagleg leiar med relevant utdanning og erfaring, som vil sjå Hardangerregionen som sin arena.
Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring i leiing og i prosjektadministrasjon og kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale funksjonar og prosessar.
Me søkjer ein effektiv og ryddig leiar med evne til å fanga aktuelle saker for regionen og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. I rolla som dagleg leiar i Hardangerrådet iks er det naudsynt å ha fokus på fellesutfordringar som utvikling, samhandling og vekst.
Gode kommunikasjonsevner og eit breitt nettverk innan offentleg forvaltning og privat næringsliv er ønskjeleg. Hardangerrådet deltek også i internasjonal aktivitet.
Det vert utarbeidd arbeidsavtale i samsvar med hovudavtalen for offentleg sektor. Løn etter avtale i offentleg regulativ. Pliktig medlemskap i gjeldande pensjonsordning.
Kontorstad: Kinsarvik /Hardanger.
Søknad med aktuell dokumentasjon vert å leggja inn her: Capus.no
Søknadsfrist er mandag 2. september 2024
Spørsmål om stillinga kan rettast til;
Rådgjevar Per Jorem, Capus mob 400 21 560
Rådgjevar Åslaug Krogsæter, Capus mob 909 13 333
Styreleiar Hardangerrådet IKS, Jon Olav Heggseth, mob 909 56 912
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kjobergbygget, 5780 Kinsarvik
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367302399
- Sist endret