Seniorrådgivar til CCS-seksjonen (karbonfangst og -lagring)
Energidepartementet
- Frist 11.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med eit av Noregs viktigaste klimaprosjekt?
Om seksjonen
Fangst og lagring av CO2 er prioritert i norsk klimapolitikk. Dette arbeidet er tett knytta til bygginga av Langskip, det norske demonstrasjonsprosjektet for fangst, transport og lagring av CO2.
I CCS-seksjonen i avdeling for klima, industri og teknologi er det ledig ei fast stilling som seniorrådgivar. Vi søkjer etter deg som er engasjert, analytisk og strukturert til å bidra i eit krevjande og viktig arbeid i skjeringspunktet mellom energi, klima og politikk.
Arbeidsoppgåver
Vi i CCS-seksjonen har ansvaret for å følge opp arbeidet med Langskip og regjeringa si politikk for CO2-handtering. Vi følger opp Teknologisenteret på Mongstad (TCM) og har ansvar for eigaroppfølging av Gassnova SF.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere innanfor alle oppgåvene til seksjonen. Du vil få ei sentral rolle i å utforme CO2-handteringspolitikken i Noreg, forberede saker for politisk leiing og kommunisere erfaringar frå Noregs satsing på CCS.
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar
- Mastergrad med gode resultat, fortrinnsvis innan økonomi, men andre kan og søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Interesse og forståing for energipolitikk og næringsliv
- Erfaring frå arbeid med energi og klima vil bli tillagt vekt
Tilsette i Energidepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerheitsloven. For meir informasjon om autorisasjon, sjå her (https://Rekrutteringsprosessen - Jobb i Energidepartementet).
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett. Tilsetjing føreset at denne blir godkjend.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har god rolleforståing og gode evner til tverrfagleg samarbeid og heilskapstenking
- Har analytiske evner, evne til å arbeide sjølvstendig, samt følge opp og nå fastsette mål
- Er nysgjerrig, lærevillig og har godt humør
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkommen til et dynamisk, tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø. Her får du:
- Interessante og utfordrande oppgåver på eit område med stor politisk merksemd
- Jobbe med spennande problemstillingar i kryssingsfeltet energi, klima og politikk
- Gode mogelegheiter for å påverke oppgåvene
- Fleksibel arbeidstid, lønna overtid, god pensjonsordning
- Lønnsspenn kr. 675.000 - 830.000 avhengig av erfaring hjå den enkelte. Ved kortare erfaring enn fem år vil stillinga lønast som rådgivar frå kr 575.000.
Nærare opplysningar ved avdelingsdirektør Alexander Engh tlf. 451 99 809. Spørsmål om rekrutteringsprosessen kan rettast mot rekrutteringsrådgivar Veronika Ollett tlf. 491 79 691.
Generell informasjon
Positiv særbehandling
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, "hol" i CV eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, "hol" i CV eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.
Mangfoldserklæring
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det. Det kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
Energidepartementet si hovudoppgåve er å tilrettelegge ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane. Departementet har også ansvar for forvaltning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Energidepartementet, energipolitikk, CCS, ED, korbonfangst
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367324406
- Sist endret