Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 06.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer sjukepleiar!
Som sjukepleiar på denne avdelinga er du så heldig å få moglegheita til å veksle mellom to spennande faggrupper. Ein nydeleg måte å fargeleggje yrket ditt.
Anna, Anne, Silje, Lena og Gunn Helen vil ha fleire kollegaer: Først og fremst veldig variert og veldig kjekt
Sengeposten vår ligg i 5. etasje i den eldre blokka ved Haugesund sjukehus. I slutten av 2026 gler vi oss til å flytte inn i eit splitter nytt anlegg. Med 12 sengeplassar tilbyr vi spesialisert behandling innan gastroenterologi og nyremedisin. Vi er 20 ansatte, og søker nå etter vår nye kollega.
Hos oss er fagleg vekst ein prioritet. Vi arrangerer regelmessige fagdagar og tilbyr kurs for å styrke både din og avdelinga sin kompetanse. Dersom du ønskjer å vidareutdanne deg innan gastro- eller nyresjukepleie, har du også gode moglegheiter til dette her hos oss.
Arbeidsdagen vår byr på utfordringar som vil kreve ditt beste, men også på rolige stunder der du verkeleg kan gjere ein ein forskjell for pasientane våre. Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø som både er utfordrande og støttande, med hyggjelege og kompetente kollegaer.
Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av det gode og trygge pasientforløpet.
- Ha eit godt klinisk blikk og evne til å vurdere (endringar) i pasientane sin tilstand, og kommunisere endringane til rett instans.
- Motivere og mobilisere pasientar i eit sjukdomsforløp.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Setje i verk og vidareføre behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
- Bruk av medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
- Rettleiing av studentar.
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid innanfor ulike fokusområde.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med relevant erfaring fra arbeid på medisinsk sengepost, men ikkje eit krav
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse. Vi bruker DIPS, Meona og Imatis
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagde.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er strukturert og ansvarsbevisst
- er nysgjerrig, lærevillig og fagorientert
- har gode evner til å jobbe i team
- er ein aktiv partner til samarbeid og kommunikasjon
- kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- trivs i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Oppfølgingssamtalar for nytilsette for å kunne tilrettelegge for optimal kompetanseutvikling og trivsel
- 2-delt eller 3-delt turnus med arbeid 3. hver helg
- Vennligst opplys om eventuelle ønsker om fortrinnsrett i søknaden din.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, haugesund, helse, jobb, gastro
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367800535
- Sist endret