Arbeidsveileder
Austevoll ASV AS
- Frist 26.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye arbeidsveileder i produksjonshallen?
Austevoll ASV søker Arbeidsveileder i produksjonshallen.
Ynskjer du å jobbe med arbeidsinkludering og bidra til at menneske med behov for tilrettelagt arbeid får utvikling og moglegheiter i arbeidslivet? Er du i tillegg praktisk/teknisk anlagt og trives med å jobbe i en produksjonsavdeling, kan du være rett kandidat for oss.
Ein arbeidsveileder en er ordinært tilsett som har ansvaret for å følge opp og veilede våre tiltakstilsette. Dei tilsette har tilrettelagte arbeidsoppgåver og arbeidstid. I kvardagen møter ein menneske med psykiske og/eller fysiske utfordringar, og derfor må ein arbeidsveileder ha gode personlege eigenskapar og kompetanse til å handtere ulike menneske og situasjonar.
Produksjonshallen har fleire viktige oppgåver i lokalsamfunnet og internt som spleiseoppdrag og køyreoppdrag.
Arbeidsoppgåver vil være:
· Hovudoppgåvene til en arbeidsleiar er å veilede, følge opp og tilrettelegge arbeidsdagen for arbeidstakarar i tiltaka, og sjølv delta i arbeidet. Gi opplæring i ulike arbeidsoppgåver og rutinar.
· Utarbeide Opplæringsplanar saman med tiltaksleiar og AFT leiar. Tilrettelegging for individuelle planar for den enkelte arbeidstakar
· Sørge for at dokumentasjon er ajourført, eksempelvis dokumentert opplæring i ulike arbeidsoppgåver og viktige hendingar i vårt rapporteringssystem, Plusoffice.
· Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt, deriblant delta på ansvarsgruppemøter
Kvalifikasjonar:
- Relevant fagbrev eller godkjent høgskule-/universitetsutdanning
- Evne til å jobbe målretta, strukturert og løysingsorientert
- Førarkort klasse B
ynska kvalifikasjonar:
- Brei erfaring med produksjon og praktisk arbeid
- Erfaring med opplæring, veiledning og undervisning
- God kjennskap til lokal arbeidsmarknad og behov
- Gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk både skriftleg og munnleg
- Gode digitale ferdigheiter
- Arbeidsinkluderingskompetanse
Personlege eigenskapar:
- God relasjons- og nettverksbygger
- Tydeleg i kommunikasjonen
- Kunne vise til gode samarbeidsevner
- Resultatorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Trivs med hektiske dagar med krav til omstillingsevne og stor grad av fleksibilitet
- Engasjert i målgruppa og løysingsorientert
- En positiv bidragsytar til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
En variert arbeidskvardag med handlingsrom?
- En meiningsfull og utfordrande jobb med nærheit til enkeltmennesket
- Kunnskap om relevante verktøy og metodikk som nyttast i tilbodet
- Spennande, utviklande og varierte arbeidsoppgåver
- Et dynamisk miljø i stadig utvikling
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest må framleggas fram ved tilsetting
Om arbeidsgiveren
Austevoll ASV er ei godkjend tiltaksbedrift som sysselset arbeidstakarar som i ein kortare eller lengre periode har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass. Me har eige vaskeri, produksjonshall, hjelpemiddellager, brukt butikk, kantinedrift og drivhus.
Me held til på Eidsbøen, kommunesenteret Storebø i Austevoll kommune. Me har tilsette med varig tilrettelagt arbeid (VTA) og på arbeidsførebuande trening (AFT). Vår visjon er « eit betre liv» gjennom verdiane likeverd, arbeidsglede, inkludering og kvalitet.
Her kan du bli en del av vårt mangfaldige arbeidsmiljø og bidra til å gi folk moglegheiter. I Austevoll ASV tilbyr me, samt legg til rette for trivsel, motivasjon og individuell utvikling. Bli med å jobbe for auka arbeidsinkludering og samfunnsdeltaking for alle. Me treng deg som brenn for fagutvikling og som motiverast av å bidra til at andre lykkast.
- Sektor: Privat
- Sted: Nordre Eidsbøen 20, 5392 Storebø
- Bransje: Industri og produksjon, Miljøtjenester, Trevareindustri
- Stillingsfunksjon: Håndverker, Teknisk service, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367827908
- Sist endret