Fleire yrkeshygienikarar – fast 100% stilling
Bedriftshelse1
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter fagpersonar med bachelor/master innan kjemi, biologi, HMS eller yrkeshygiene
Har du interesse for og kompetanse på å arbeide med arbeidshelse i eit førebyggande perspektiv, har vi ei spanande jobbutfordring til deg!
Vi søkjer etter personar med kompetanse innan HMS, kjemi, biologi, yrkeshygiene eller anna relevant kompetanse. Behovet er ved alle våre kontor på Vestlandet, både i Nordfjord, Sunnfjord, Sogn, Hardanger og Voss. Våre nye medarbeidarar vil inngå i vårt team på 12 yrkeshygienikarar og jobbe tverrfagleg saman med øvrig helsepersonell i bedrifta.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vere å kartlegge og undersøke kjemiske, biologiske og fysiske arbeidsmiljøfaktorar, inkludert vurdering av risiko for helseskade, og å føreslå førebyggande tiltak.
Arbeidsfeltet er breidt og medfører også kundekontakt, opplæring/kurs vedr. utfordringar i arbeidsmiljøet, rådgjeving i byggesaker, og rådgjeving til våre kundar vedk. arbeidsmiljø og systematisk HMS-arbeid.
Kvalifikasjonar:
- Bør ha minimum bachelorgrad frå relevant teknisk/naturvitskapleg høgskule/universitet
- Praktisk erfaring frå kartlegging, måling, analysar/rapportering innan fagområdet er ein fordel
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne og erfaring frå undervisning/opplæring
- I tillegg er det ønskjeleg med god forståing for yrkeshygienisk måleteknikk og prøvetaking, samt kunnskap om relevant arbeidsmiljø-lovverk.
Vi ønskjer ein kollega som er samarbeidsorientert, systematisk, kan jobbe sjølvstendig, og som kan bidra til gode relasjonar både internt og med kundar/oppdragsgjevarar.
Vi kan tilby:
- Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø med kjekke og kompetente kollegaer
- Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Mange gode personalordningar
- Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Jobben vil medføre ein del reising/kundeoppfølging, så du må ha førarkort for personbil. For spørsmål om stillinga, kontakt områdeleiar Tone Merete Botten, tlf.: 48596496 eller Adm. dir. Randi Marie Sjøholt, tlf: 95235874
Søknad med cv sendast til: post@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: Blir behandla fortløpande
Om arbeidsgiveren
Om Bedriftshelse1
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 52 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Fossetunet 1 A, 6856 Sogndal
- Bransje: Helse og omsorg, Kjemisk industri, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Biolog, Geologi/Fysikk/Kjemi, HMS
Nøkkelord
yrkeshygienikar, kjemi, biologi, arbeidsmiljøfaktorer, førebyggande tiltak
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367973591
- Sist endret