Rådgjevar ved Studieseksjonen
Universitetet i Bergen
- Frist 17.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar
Rådgjevar ved Studieseksjonen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
I studieseksjonen ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar. Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas helsepersonell innanfor mellom anna medisin, farmasi, ernæring og tannhelse.
Arbeidsoppgåver:
Du vil i samarbeid med både vitskaplege og administrative kollegaer ha ei viktig rolle i fakultetet sitt arbeid med å drifte og vidareutvikle utdanningsverksemda. Vi treng ein ny kollega som kan bidra til å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar, i tillegg til å følgje opp medisinstudentar i siste halvdel av studiet. Stillinga inneber studieadministrative oppgåver knytt til blant anna rettleiing av studentar på medisinstudiet, sakshandsaming på studiefeltet, deltaking i ulike prosjekt og breiare koordineringsoppgåver knytt til studieprogramma ved fakultetet.
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til kvar stilling, måtte ta del i andre felles oppgåver i seksjonen. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha:
- Bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Minst to års erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling, rettleiingsarbeid, eller anna administrativt arbeid.
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk (begge målformer) og engelsk.
- God digital kompetanse.
Det er ein føremon om du har:
- Erfaring frå UH-sektoren.
- Erfaring med arbeid med digitalisering av administrative prosessar.
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, mellom anna:
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Evne til å organisere, koordinere og prioritere eit bredt spekter av oppgåver.
- Fleksibilitet og serviceorientering.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Relevant erfaring og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
- Varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling.
- Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 604 400 - 635 400 (lønssteg 62 - 65). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til mobil, e-post: fungerande leiar av studieseksjonen Martha Houen Dahle, tlf. 55 58 63 40 eller e-post martha.dahle@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Veileder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367984457
- Sist endret