Fagsjukepleiar/ Intensivsjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 11.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagsjukepleiar/ Intensivsjukepleiar
Intensivmedisinsk seksjon i IPA (Intensivmedisinsk- og Postoperativavdeling), KSK (Kirurgisk serviceklinikk) behandlar alle kategoriar intensivpasientar, frå nyfødde til vaksne. Seksjonen har 11 intensivsenger, og det er tilsett både sjukepleiarar og legar ved seksjonen. Vi behandlar alle kategoriar intensivpasientar til dømes pasientar med alvorlege infeksjonar, alvorlege traumer, VV-ecmo-pasientar, hovudskadar, postoperative komplikasjonar og akutt lungesvikt i ulike variantar. Opp mot 80% av våre pasientar treng respirasjonsstøttande behandling, og dei aller fleste har svikt i fleire organ.
Seksjonen har ein høg fagleg standard med fokus på mellomanna forsking, vidareutvikling og utdanning. Fagsjukepleiar deler oppgåver med dei andre fagsjukepleiarene ved seksjonen, og har ei sentral rolle i opplæring og sertifiseringsarbeid av seksjonens personell. Fagsjukepleiar rapporterer til leiinga ved seksjonen. Det vil vere eit tett samarbeid med øvrige fagsjukepleiare ved seksjonen, leiinga ved seksjonen og fagsjukepleiar i IPA, KSK.
Stillinga er todelt og varierer mellom klinikk og fag med omtrentleg klinisk arbeid 20%, og meir fagretta arbeid 80% i ein turnus.
Arbeidsoppgåver
- Som fagsjukepleiar og intensivsjukepleiar ved seksjonen vår vil du ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Du vil både jobbe klinisk med pasientane, og også utføre meir fagretta arbeid som opplæring og fagleg oppfølging av personalet, nytilsette og vikarar, samt arbeid med prosedyrar, fagleg vidareutvikling osv.
- Utarbeiding og vedlikehald av seksjonens prosedyrar og system for sertifisering
- Organisering av undervisning og fagdagar
- Opplæring i elektromedisinsk utstyr
- Delta i anbudsarbeid av medisinks utstyr for klinikken
- Utprøving av diverse utstyr
- Ulike arbeidsoppgåver ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Intensivsjukepleiar
- Relevant vidareutdanning
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Mastergrad eller tilsvarande utdanning vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå på ein spennande og moderne arbeidsplass
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagsykepleier, intensiv, intensivsykepleier, ksk, Intensiv- og postoperativ avdeling (IPA), fagsjukepleiar, intensiv, intensivsjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367988394
- Sist endret