Kunderådgjevar Bergen/Sogndal
Innovasjon Norge
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli ein nøkkelspelar i å forme framtida for berekraftig landbruk
Vår kollega skal ta fatt på nye utfordringar, og vi ser no etter ein kunderådgjevar innan bioøkonomi og landbruk.
Dine arbeidsområde vil inkludere:
- Oppfølging av landbruket sitt årshjul.
- Behandle søknader om lån og tilskot.
- Interaksjon med eksterne samarbeidspartnarar og bransjeorganisasjonar.
- Eksterne føredrag og opplæring innan relevante fagområde.
I lag med avdelingsleiar og dei øvrige medlemmer i teamet skal du bidra i utviklinga av innovative løysingar som vil hjelpe kundar i landbrukssektoren å realisere sine ambisjonar. Rolla er ein svært viktig brikke i vårt samfunnsoppdrag knytt til å skape levedyktige og berekraftige prosjekt.
Områda vil verta ivaretekne gjennom å:
- drive framgang ved å identifisere og realisere berekraftige moglegheiter for våre kundar
- byggje relasjonar gjennom sparring med kundar for å forstå deira unike behov og ambisjonar
- behandle søknader om finansiell støtte som gjer kundanes draumar og prosjekt mogleg
- promotere våre tenester og sikre langsiktig kundetilfredsheit gjennom kontinuerleg oppfølging
- samarbeide med dyktige kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Du har blikk for heilskap, ein strukturert tilnærming til arbeidsoppgåver og er god på planlegging; du veit kva som må prioriterast no, og kva som må gjerast på sikt.
Ynskt kompetanse:
- Erfaring frå landbruksfag og økonomi, der praktisk erfaring og forståing for landbrukspolitikk vil vera ein fordel.
- Forståing for og kunnskap om kundar sine langsiktige ambisjonar og strategiar for å realisere kommersielt potensial.
- Relevant utdanning innan landbruk og/eller økonomi.
- Relevant arbeidserfaring som har gitt kunnskap om finansiering av landbruk og bruksutbygging (t.d. rekneskap/revisjon, offentleg forvaltning eller samvirke)
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norges samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er satt av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Arbeidstad er Sogndal eller Bergen.
Vi ser fram til å lese søknaden din!
Søknadsfrist: 15. september
Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hillesgate 30, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Jordbruk og skogbruk, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Agronom, Forretningsutvikling og strategi, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, landbruk, agronom, finansiering, bank
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368002039
- Sist endret