Rådgiver/seniorrådgiver - trua natur
Miljødirektoratet
- Frist 22.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å ta vare på den mest trua naturen?
Om stillinga
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til arbeidet med å ta vare på trua natur. Dette er ein jobb for deg som har god kunnskap om økologi, er oppteken av heilskap og samanhengar i naturen og interessert i å følgje opp trua artar og naturtypar i samarbeid med andre styresmakter og samfunnsaktørar. Bruk av digitale hjelpemidlar for analyse og formidling vil være sentralt i arbeidet.
Stillinga ligg under seksjon for trua artar og naturtypar. Vi leier arbeidet med verkemidla utvalde naturtypar (UN) og prioriterte artar (PA) i naturmangfaldlova. Seksjonen har ansvar for å utarbeide og følgje opp handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og leier gjennomføringa av tverrsektorielle nasjonale tiltaksplanar for trua natur og ville pollinerande insekt. Vi har òg eit særleg ansvar for hovudøkosystemet kulturlandskap og ope lågland. Arbeidet med oppfølging av internasjonale konvensjonar og avtalar på naturmangfaldområdet ligg òg til seksjonen.
Seksjonen har 12 medarbeidarar, og vi har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim. Hos oss blir du ein del av eit allsidig og engasjert fagmiljø som arbeider med å ta vare på naturmangfaldet i Noreg og internasjonalt. Vi arbeider både sjølvstendig, i mindre faggrupper og saman med andre fagmiljø i Miljødirektoratet.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- oppgåver innafor forvaltning av trua artar og trua naturtypar, blant anna å utarbeide og følgje opp handlingsplanar, å forvalte regelverk og tilskotsordningar og å medverke til god samordning av verkemiddelbruk internt i miljøforvaltninga og i samarbeid med andre sektorar
- å skaffe og gjere tilgjengeleg ny kunnskap for forvaltning av trua natur, kunnskap som skal kome til nytte i miljøforvaltninga, arealforvaltninga i kommunane og arealbruken i andre sektorar
- å medverke i utvikling av arbeidet med økosystembasert forvaltning i seksjonen
- å delta i andre arbeidsoppgåver innanfor fagområda til seksjonen
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på masternivå, helst innafor økologi eller naturforvaltning
- god økologisk kunnskap og kunnskap om artar og naturtypar i norsk natur
- svært god i munnleg og skriftleg norsk
- erfaring frå analysearbeid og handtering av miljødata er ønskeleg.
- god digital kompetanse, og gjerne kjennskap til kartlegging av naturtypar etter NiN og kartanalyse (GIS).
- erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne innafor naturforvaltning, landbruksforvaltning eller arealforvaltning på kommunalt nivå er ønskeleg.
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk
Eigenskapar
- Du har god rolleforståing og ser heilskap og samanhengar.
- Du er strukturert og sikrar framdrift i eige arbeid og saman med andre.
- Du er utviklingsorientert og liker å finne gode løysingar
- Du har gode relasjonelle eigenskapar og samarbeider godt på tvers.
- Du kommuniserer godt og kan formidle vanskelege fagsaker enkelt og forståeleg.
- Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve til fagleg og personleg utvikling
- eit breitt utval av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- lønn i lønnsspennet frå kr 540 500 (ltr. 56) til kr. 821 100 (ltr 78), etter erfaring og kvalifikasjoner. Særskilt kvalifisert søker kan vurderes høyere.
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Aina Holst, på tlf. 99 54 19 21 eller e-post aina.holst@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 81-2024 LTR når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog
Nøkkelord
økologi, naturforvaltning, naturtyper, økosystem, miljødata
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368022202
- Sist endret