Norad søkjer stabsleiar til direktørens kontor
Norad
- Frist 13.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Norad søkjer stabsleiar til direktørens kontor
Norad skal tilsetje ny stabsleiar ved direktørens kontor. Direktørens stab består av 3 medarbeidarar som vert leia av stabsleiaren. Staben gir fagleg og praktisk støtte til direktøren og hans leiargruppe.
Stabsleiaren skal kommunisere og samhandle med fleire av dei svært kunnskapsrike leiarane og rådgjevarane i Norad, og må ha forståing for sosial og organisasjons messig dynamikk. Stabsleiaren koordinerer operative oppgåver og fleire strategiske prosjekt på vegne av direketøren. Stabsleiaren må derfor ha god forståing for samspelet i bistandssektoren som heilskap og for koordinering og rapportering i ulike ledd.
Stillinga er plassert på underdirektørnivå og rapporterer direkte til direktøren i Norad.
Ansvar og sentrale arbeidsoppgåver
Fagleg, strategisk rågjeving til Norads direktør og leiargruppe
- Førebu og vurdere saker som skal besluttes av direktøren
- Førebu og og følje opp leiarmøter
- Følgje opp strategiske initiativ og prosessar som direktøren iverksett for delar eller for heile organisasjonen
- Bidra til samhandling og utvikling av leiargruppa
Støtte fagleg i implementeringa av Norads strategi
Du følgjer opp aktuelle interne og eksterne strategiske initiativ og prosjekt, og i dette ligg det mellom anna å:
- Kommunisere med og følgje opp saker med interne og eksterne partar
- Vurdere om og når direktøren skal involvere seg i ulike saker
- Gi innspel til saker for leiar møtet
- Sørgje for riktig og tidsrett rapportering, gjennomføring og leveransar
- Ha personalansvar for staben
Erfaring og kvalifikasjonar:
Stillinga inneber høgt arbeidspress og stiller krav til høg leveransekapasitet og svært gode evner til struktur og organisering.
Nødvendige kvalifikasjonar
- mastergrad innanfor relevante fagkretsar, fortrinnsvis samfunnsvitskaplege fagområde*
- erfaring med leiing på strategisk nivå, anten som personalleiar eller som fagleiar/prosjektleiar, der du har handtert mange interessentar
- god digital kompetanse på brukarnivå
- kjennskap til Norad sitt arbeid, og/eller erfaring frå liknande institusjonar
- svært god munnleg og skriftleg formidlings- og framstillingsevne på norsk og engelsk
* Svært lang og relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for manglande utdanningsnivå.
Ønskjelege kvalifikasjonar
- innsikt i arbeid med utviklingssamarbeid nasjonalt eller internasjonalt, og forståing for Norad sitt arbeid
- erfaring med å strukturere, forbetre og følgje opp arbeidsprosessar og prosjekt
- Erfaring frå stabsarbeid – gjerne med koordinering- og leiaransvar
Personlege eigenskapar:
Denne rolla er strategisk svært viktig for Norad, og derfor legg vi stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga. Du bør i stor grad kjenne deg igjen i desse eigenskapane, og også utøve dei i kvardagen din på jobb:
- ha stor arbeidskapasitet med resultatfokus
- ha svært høg grad av oversikt og struktur, både på eigne og andre sine ansvarsområde
- ha gode analytiske eigenskapar med god evne til raske vurderingar og avgjerder
- vere trygg og tydeleg i leiarrolla, med evne til å fremje godt arbeidsmiljø
- ha gode samarbeidseigenskapar og evne til å byggje relasjonar, engasjere og motivere
Vi tilbyr
- ei stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- engasjerte og dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling og moglegheiter for relevante kurs og opplæring
- gode velferdsordningar som mellom anna trening i arbeidstida
- fleksibel arbeidstid
- god pensjonsordning
- tilsetjing i ei IA-verksemd
- hyggjelege lokale sentralt i Oslo sentrum
Stabsleiaren blir lønt i stillingskode 1059 underdirektør, lønnstrinn 75–86 (kr 759 100–kr 1 025 200). Fastsetjing av lønn skjer på bakgrunn av kompetanse og erfaring. Norad er opptatt av mangfald når det gjeld kjønn, alder, funksjonsevne og etnisk og nasjonal bakgrunn, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen. Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du må leggje elektroniske kopiar av vitnemål og attestar ved søknaden. Søkjarar som blir inviterte til intervju, blir bedne om å vise fram originaldokument.
Om arbeidsgiveren
Norad er direktoratet for utviklingssamarbeid. Vi jobbar for at verda skal nå FNs berekraftsmål. Sammen med våre partnarar og på vegner av Noreg jobbar Norad for ei grønare framtid i ei verd utan fattigdom. Menneskerettane skal respekterast og ingen skal utelatast. Gjennom kunnskap og samarbeid sørgjer vi for at norske bistandsmidlar bidreg til global utvikling. Norad vil vere Noregs grønaste direktorat. Vi stiller miljøkrav til andre, og må gjere det til oss sjølve. Vi skal kutte klimautslepp frå drifta med 30 prosent innan 2030. Sjå for øvrig; Grønare bistand (norad.no).
Norad er under rask utvikling og har fått mange nye oppgåver dei siste åra. I 2023 blei ansvaret for å forvalte den sivile delen av Nansen-programmet for Ukraina overført til Norad. Frå august 2024 har vi ansvaret for ein endå større del av Noregs bistandsbudsjett, inkludert geografiske område og tema som er nye for Norad. Med nye oppgåver og ansvar følgjer behovet for å styrke bemanninga i Norad.
Vil du vere med?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bygdøy allé 2, 0257 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Personlig assistent
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Bistand, Bærekraft, Stabsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368125778
- Sist endret