Rådgivar/seniorrådgivar - forureining
Statsforvalteren i Rogaland
- Frist 15.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Kan du mykje om korleis vi kan redusere forureining sin påverknad på naturen?
Rådgivar/seniorrådgivar - forureining
Om stillingane
Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til energilovsaker og regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova.
Statsforvaltaren i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle styringssignal og nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar. Vi skal også samordne våre uttalar med andre statlege regionale instansar.
Avdelinga har 33 tilsette med stort engasjement for miljø, natur, klima og plan, og desse er inndelt i to fagområde med kvar sin fagleiar, fagområde natur og fagområde forureining.
Miljøvernavdelinga har ledig to faste stillingar som rådgivar/seniorrådgivar innan forureining.
Arbeidsoppgåver
Du skal handsame saker etter forureiningslova av søknadar om utsleppsløyve og rettleie verksemder, kommunar og innbyggjarar. Arbeidsoppgåvene er saksbehandling og tilsyn etter forureininglova og andre relevante lovverk. Relevante fagfelt for denne stillinga vil vere:
- Deponier og avfall
- Steinuttak, pukkverk m.m.
- Betong og asfalt (produksjon og attvinning)
- Flyplassar inkl. fly- og bane avising
- Fyringssentralar og forbrenningsanlegg
- Brannøvingsplassar
I tillegg vil arbeidsoppgåvene inkludera:
- Forureina grunn (utarbeiding av pålegg samt klagesaker frå kommunar )
- Offshore forureining (uttale til saker på høyring frå direktoratet)
Kvalifikasjonskrav
Du har interesse og engasjement for miljøet, og trivst med tverrfagleg arbeid.
Vi ønskjer oss dyktige medarbeidarar som
- Har relevant utdanning på mastergradsnivå med fagleg tyngde innan miljøteknologi, kjemi, geologi eller andre realfag. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant realkompetanse.
- Kjennskap til forureiningsregelverket
- Uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- Du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Det er ein fordel å ha sertifikat for personbil klasse B.
Vi tilbyr
- Lønn som rådgivar, kr 590 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- God pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- Gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- Nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- Varierte, interessante og viktige oppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Korleis er det å arbeide hjå Statsforvaltaren?
Statsforvaltaren har oppgåver innan ulike fagområde og ansatte med forskjellige utdanninger.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368152953
- Sist endret