Forsyningsportør
Helse Bergen
- Frist 12.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Forsyningsportør
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar; Pasientportørtenesta, Forsyningstenesta og Miljøhall og varetransport. Vi er lærebedrift i logistikkfaget, Gjenvinningsfaget og i portørfaget, og satsar på utdanning av både lærlingar og fast tilsette.
Forsyningstenesta er ein intern serviceseksjon og har som hovudoppgåve å bestille og levere varer som medisinske væsker og forbruksvarer, mat og tøy til avdelingane i sjukehuset. Vi organiserer lager på avdelingar inkludert vareutplassering og haldbarheitskontroll. Seksjonen står også for henting av avfall og skittentøy samt transport av blodprodukt, prøver og utstyr. Vi er organisert med seksjonsleiar og tre driftskoordinatorar og har om lag 50 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
- Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset
- Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
- Henting og levering av prøver, blod, utstyr og anna
- Transport av skitne og reine senger
- Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol.
- Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere psykisk krevande
- Stillinga medfører arbeid pt. i 2-delt turnus, dag, kveld og helg
Kvalifikasjonar
- Fullført vidaregåande allmennfagleg eller yrkesfagleg skule.
- Erfaring som portør eller frå logistikkfaget/detaljhandelen er ein fordel
- Truckførarbevis klasse T1 er ein fordel
- Førarkort for bil klasse B er ein fordel
- Førstehjelpkurs er ein fordel
- Særs god norsk munnleg framstilling
- Grunnleggande datakunnskapar og kjennskap til SAP er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og tillitsskapande
- Du er systematisk og strukturert, liker å holde orden
- Påliteleg og punktleg
- Du er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du har gode samarbeids evner og godt humør
- Du har evne til å arbeide sjølstendig og målretta
- Du kan jobbe bra under press og takle store mengder arbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonsbyggande eigenskapar
- Du kan utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager, Transport og sjåfør, Truckfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
forsyningsportør, sykehus, portør, forsyning, sykehus, sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368251821
- Sist endret