100 % faste stillingar som miljøterapeut
Bufetat
- Frist 16.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 100 % faste stillingar som miljøterapeut
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg, for at dei skal få eit godt liv som vaksen.
Ein god barndom varar livet ut
I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låser deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen, med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheitar for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold, har ledig minst ei fast stilling som miljøterapeut 100%. Stillinga inneber to-delt turnus med dag og kveldsvaktar og arbeid kvar 4. helg. Det kan bli ledig fleire tilsvarande stillingar.
Det kan også være moglegheitar for vikariat av ulik storleik og lengdar ved eininga. Søkarar som også er interessert i vikariat blir oppfordra til å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapi i en omsorgsinstitusjon
Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.
Skjoldvegen barnevernsenter arbeidar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.
Målet vårt er å bidra til at ungdomane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv. For å lykkast er det viktig at vi:
- utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp
- sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid
- bidreg til å vareta rettstryggleiken til ungdomen ved hjelp av god dokumentasjon
- reflekterar over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartar
- arbeider med krise- og stresshandtering og har kunnskap om å stabilisera barn i krise
- arbeidar førebyggjande og handterar åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skada seg sjølv eller andre
- identifiserar teikn på, og handterar konsekvensar av omsorgssvikt og vald
- kartlegg styrkane og behova til ungdomen og utarbeidar og følgjer opp planar på ein fagleg og systematisk måte
I jobben treng du også gode verktøy. Hos oss vil du få jobba med nokre av dei fremste kunnskapsbaserte metodane og standardiserte forløpa for miljøterapi. Les meir om arbeidet vårt HER: https://www.youtube.com/watch?v=Qkz_lJT7O84
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Ved eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar utan 3-årig bachelorgrad med relevant erfaring og vurderast.
- Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Det vil vere ein stor fordel om du har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Det er ønskeleg at du har relevant vidareutdanning innan til dømes barnevern eller psykisk helse.
- Det er ønskeleg med kunnskap om traumebevisst omsorg og OEM.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Du evner å;
- bygge relasjonar
- la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre
- arbeide sjølvstendig , metodisk og i team
- analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing
- halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg.
- Du har god fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar vert særlig vektlagt ved tilsetjing.
Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vereavgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga erviktig.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64).
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
- Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 - 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 - 487 800 (ltr 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).
- Løn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysingar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse: fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen.
- Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold.
- Politiattest må framleggast ved eventuell ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, eller tas med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Skjoldvegen, 5221 Nesttun
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368280488
- Sist endret