Konsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 11.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å lage gode system?
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til aktørar i fylket for å få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar som kan bidra til å nå måla for våre planer. Avdeling for næring, plan og innovasjon forvaltar ei rekke av tilskotsordningane. Avdelinga har gjennomført eit prosjekt for å effektivisere tilskotsforvaltninga. Stillinga skal sikre vidareføring av resultata frå prosjektet.
Den som vert tilsett skal jobbe med å vidareutvikle system for tilskotsforvaltning og bidra til å sikre god og forsvarlege ordningar for å tildele tilskot frå avdelinga sine budsjett. Andre administrative oppgåver vil vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Vere avdelinga si ressursperson på forvaltning av tilskot. Det omfattar å utvikle rutinar, gje råd til kollegaer om alle fasar i ein tilskotsprosess og gjere saksbehandlingsoppgåver.
- Registrere innkomne søknader i saks- og arkivsystemet Elements og halde oversikt over Regionalforvaltning
- Legge til rette for vurderingsprosessar av søknader.
- Hjelpe til i arbeidet med å legge fram politisk sak til hovudutval for næring
- Anna arbeid vil inngå
Kvalifikasjonar
- Relevant bachelorgrad eller relevant arbeidserfaring
- God på Excel
- Erfaring frå arbeid med registrering og dokumentasjon
- Erfaring frå arbeid med søknadar
Fordel med:
Erfaring frå prosjektvurdering
Erfaring frå arbeid med saks- og arkivsystem gjerne Elements
Erfaring frå tilskotsportalar gjerne regionalforvaltning
Innsikt i forvaltningsloven eller ønske om til å sette seg inn i denne
Innsikt i statsstøtteregelverk eller ønske om til å sette seg inn i denne
Personlege eigenskapar
- Ryddig og systematisk
- Like å jobbe med lister
- God på å lage system
- Hjelpsam
- Nøyaktig
- Tolmodig
- Serviceinnstilt
- Ta intiativ
- Vilje og ønskje om å lære
Vi tilbyr
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- fleksibel arbeidstid
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Andre opplysningar:
- Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
- Arbeidsstad i Vestlandshuset i Bergen.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368289762
- Sist endret