Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakter
Osterøy kommune
- Frist 01.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar i team med langvakter
Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakter
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Stillinga er i sjukepleiarteam som dekkar heile Osterøytunet
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du er sjukepleiar med eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
Ei spanande og gjevande stilling i sjukepleiarteam
Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
Moglegheit for fagleg utvikling
Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus.
14-timars langvakter på dagtid med kvar 4. helg gir lengre friperioder i årsturnus
Moglegheit for å lade el- bil mot avgift
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
Arbeid i sjukepleiarteam med fokus på sjukepleiaroppgaver: oppfølging av legevisitt, legemiddelhåndtering, sårstell, blodprøver, palliativ pleie/behandling og andre prosedyrer
Sjukepleierteamet dekker heile Osterøytunet: somatisk avdelig, dement avdeling og korttidsavdeling
Kvar sjukepleiar har primæransvar for ein avdeling med hovedansvar for fagleg oppfølging av pasientene og pårørende
Dokumentasjon i journalsystemet Profil
Tverrfagleg samarbeid med helsefagarbeidere, lege og ergo/fysio avdelinga
Kvalifikasjonar
Må ha autorisasjon som sjukepleiar
Ha evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønn
Vera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatert
Du er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientert
Du må ha gode samarbeidsevner
Gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
Om arbeidsgiveren
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Osterøy har også eit vakkert landskap med godt turterreng både sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og vakre naturopplevingar.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368389478
- Sist endret