Kunderådgjevar Bergen/Sogndal
Innovasjon Norge
- Frist 19.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Jobb med bedrifter i fiskerisektoren
Vår kollega med ansvar for fiskeri skal bli pensjonist, og vi ser no etter hennar erstatter.
I denne rolla skal du først og fremst hjelpe bedrifter innan fiskerisektoren (flåtefinansiering og kvoter) med å avklare behov, gi faglege råd, vurdere og finne gode finansieringsløysingar.
Du skal levere breidda av våre finansieringstenester, med hovedfokus på lånefinansiering. Vi forventer at du i tillegg kan bidra med rådgjeving på område som forretningsutvikling, nettverk og berekraftsrisiko.
Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av rådgjeving og saksbehandling – med utarbeiding av finansieringssaker som ein sentral del av arbeidet. Din sterke interesse for kreditt- og finansiering vil bidra til at du innan kort tid vert ein naturleg sparringpartner for aktørane i bransjen.
Du vil bli ein sterk bidragsytar i å gjere ordningane våre kjende for aktørane i bransjen, blant anna gjennom å vere sparringspartnar for nye og etablerte bedrifter. Vi har eit sterkt fokus på berekraft i heile organisasjonen, og du vil bli ein pådrivar for dette når du jobbar med bedrifter som har ambisjonar om vekst og auka verdiskaping.
Dagane dine vil vere varierte, og du vil bruke tida på å:
Lytte: Bruke tid saman med nye og eksisterande kundar for å identifisere behov og bidra til å realisere berekraftige prosjekt i næringslivet
Utvikle: Vere nysgjerrig på nye idear og prosjektforslag. Drive fram auka verdiskaping, innovasjon og grøn omstilling gjennom proaktivt marknads- og mobiliseringsarbeid.
Analysere: Vurdere innkommande prosjekt og søknader, og utarbeide finansieringssaker.
Samarbeide: Du vil bli del av eit sterkt team i Vestland, og samarbeide med kollegaer i inn- og utland. Vi samarbeider også med eksterne samarbeidspartnarar som bankar, kunnskapsparkar og andre offentlege aktørar.
Som person har du eit stort engasjement for kunderelasjonar. Du er analytisk og har evne å kome til kjerna i kundane sine behov. Vi har stort fokus på teamarbeid internt, og det er derfor viktig for oss at du opplever samarbeid som verdifullt. Du er resultatorientert og har ei strukturert og sjølvgåande tilnærming til arbeidet ditt.
Ønska bakgrunn og kompetanse:
- Utdanning innan økonomi, finans, teknologi eller tilsvarande
- Solid bedriftsøkonomisk forståing og kompetanse om strategisk forretningsutvikling
- Kredittfagleg kompetanse, med vekt på vurdering av kredittrisiko og bedrifta si evne til å betene lån
- Kunnskap om fiskeri og fiskeribransje er ein fordel
Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Noregs samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er sett av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.
Søknadsfrist: 19. september
Kontaktperson: Avdelingsleiar Eirik Brekke, tlf. 917 98 452
Innovasjon Norge ønskjer medarbeidarar med forskjellige kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar spesielt personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.
Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristens utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeven oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få moglegheit til å trekkje søknaden.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Fiskeri og oppdrett, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Økonomi og regnskap, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, fiskeri, forretningsutvikling, økonomi, rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368405440
- Sist endret