Psykolog-/spesialist
Vestland fylkeskommune
- Frist 04.10.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Psykolog-/spesialist
Har du lyst til å jobbe med eksponeringsterapi i eit tverrfagleg miljø?
Senter for Odontofobi (SFO) i Vestland Tannhelseteneste har ledig 100% vikariat for psykolog/psykologspesialist frå og med 18.11.2024 til 03.10.2025 (mogelegheiter til forlenging av vikariatet). Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Vestland sitt TOO-team (Tverrfagleg psykolog- og tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). Tenestestad er for tida TkVestland, som ligg i det nye odontologibygget, Årstadveien 19, Bergen, samt tannklinikk for TOO/SFO i Årstadvegen 21. Stillinga kan medføre ambulering til andre tannklinikkar med tverrfaglege TOO Team i Vestland fylkeskommune.
Arbeidsoppgåver
Målet med TOO-tilbodet er å behandle pasientar med høg angst i tannbehandlingssituasjonen slik at dei kan ta i mot ordinær tannbehandling.
Det er to psykologar tilsett i teamet i Bergen. Psykologen undersøker om pasienten har rett til tenestetilbodet ved inntaksamtale. I tillegg vurderer psykologen om pasienten kan ta imot og gjere seg nytte av behandlinga. Behandlinga krev eit tett tverrfagleg samarbeid mellom psykolog, tannpleiarar og tannlegar.
Andre arbeidsoppgåver er undervisning og kurs for tannhelsepersonell. Kompetansesenteret har samarbeidsavtale med UiB Institutt for klinisk odontologi (Masterprogram i odontologi og Bachelorprogrammet i Tannpleie) der tilsette i Senter for odontofobi foreles i ulike fag.
Tverrfaglege TOO Team får ta del på nettverkssamlingar og får opplæring og kurs innan fagfeltet.
Kvalifikasjonar
Søkarar til stillinga må vere psykolog med godkjend norsk autorisasjon. Søkarar med etterutdanning i kognitiv åtferdsterapi vil vere prioriterte.Alle som skal tilsettast i tannhelsetenesta må legge fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Den som blir tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha god gjennomføringsevne.Ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Ved vurdering av søkarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde, og vi ønsker ein medarbeidar som bidrar positivt til teamet.
Vi tilbyr
Stillinga blir løna av Vestland fylkeskommune etter kvalifikasjonar
Stillinga kan delast
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsettingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følge Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkarliste. Søkar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Årstadveien 19, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, psykologspesialist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368903166
- Sist endret