Vi søkjer ny medarbeidar til arbeidet med klima og utslepp til luft
Energidepartementet
- Frist 29.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med norsk klimapolitikk?
Ansvarsområder og arbeidsoppgåver
Seksjon for klima og luftforureining har ansvar for departementet sitt arbeid med nasjonal og internasjonal klimapolitikk og andre utslepp til luft (NOx, nmVOC mv.). Vidare har seksjonen ansvar for regionalt og bilateralt samarbeid i skjeringspunktet mellom energi og klima, blant anna internasjonale klimaforhandlingar og samarbeid om ulike teknologiar og klimaløysingar internasjonalt.
Seksjon for klima og luftforureining er ein del av avdeling for klima, industri og teknologi. Avdelinga skal medverke til berekraftig verdiskaping og konkurransekraft gjennom gode rammevilkår for å styrke innovasjonsevne, kompetanseutvikling og internasjonalisering i energinæringa.
Seksjon for klima og luftforureining har eit breidt ansvarsområde, og sidan vi koordinerer mykje er gjensidige avklaringar og samarbeid ein viktig del av arbeidsdagen. Tilsette i seksjonen vil ha varierte arbeidsoppgåver og ansvar over tid. Du vil mellom anna jobbe med:
- Bruk av verkemiddel og analyse av tiltak
- Utarbeide underlagsmateriale for politisk leiing
- EU/EØS-relaterte spørsmål
- Vurdere mål, tiltak og verkemiddel i norsk klima- og energipolitikk
- Delta i nasjonalt og internasjonalt samarbeid i skjeringspunktet energi og klima
Reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært deg med samfunnsøkonomi i fagkretsen. Vi vil også vurdere søkjarar som har annan relevant bakgrunn, til dømes samfunnsfagleg. Nyutdanna er velkomne til å søkje.
Naudsynte kvalifikasjonar
- Mastergrad med godt resultat*
- Analytiske eigenskapar
- Interesse og forståing for energipolitikk og klima
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
*Er du student og fullfører mastergraden seinast desember 2024, er du velkommen til å søkje. Tilsetting forutset godkjent mastergrad før oppstart.
Tilsette i Energidepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerhetsloven. For meir informasjon om autorisasjon, sjå her (https://jobbioed.no/rekrutteringsprosessen/#autorisasjon-og-sikkerhetsklarering-1).
Ønskelege kvalifikasjonar
- Interesse for internasjonalt samarbeid
- Kjennskap til EU/EØS-prosessar
- God evne til tverrfagleg samarbeid og heilskapstenking
Vi utfører bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsetjast. Tilsetting føreset at denne blir godkjend.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har gode evner til tverrfagleg samarbeid. Du er god til å kommunisera, tenkjer heilskapleg, engasjert i samfunnet og resultatorientert. Vidare finn du løysingar, og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø.
Det vil også leggast vekt på at heilskapen i seksjonen blir god med medarbeidarar som utfyller kvarandre.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver knytt til aktuelle klima- og energispørsmål
- Erfaring i krysningsfeltet mellom fag og politikk
- Stor moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø
Lønspenn: frå kr 540.500 - 650.000. Stillingane vert lønna som stillingskode førstekonsulent eller rådgjevar avhengig av erfaring hjå den enkelte.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten. Det vil mellom anna seie fleksitid, løna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.
Kontaktpersonar
For meir informasjon om stillingane ta kontakt med underdirektør Charlotte Elvsaas på tlf. 92234065 eller avdelingsdirektør Stig Øyvind Uhr Svenningsen på tlf. 97523445.
Generell informasjon
Positiv særbehandling
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, «hol» i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om krava på arbeidsgiverportalen i staten (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, «hol» i CV eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane dannar grunnlag for anonymisert statistikk for årsrapportane til alle statlege verksemder.
Erklæring om mangfald
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Det kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
Energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane.
Departementet har også ansvar for å forvalte mineralførekomstar på kontinentalsokkelen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsøkonomi, Samfunnsviter
Nøkkelord
Klima, Energidepartementet, ED, samfunnsøkonomi, statsvitenskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369027742
- Sist endret