Intensivsjukepleiar
Helse Bergen
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Intensivsjukepleiar
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensiv- og postoperativ avdeling med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal-, drifts- og resultatansvar.
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Vi søker etter dyktige, engasjerte og involverte medarbeidarar til Intensiv- og postoperativ avdeling.
Spesifiser i søknadsteksten kva seksjon du ønsker å jobbe. Slik kan avdelingssjef gje aktuell seksjonsleiar tilgang til din søknad. Det er óg mogeleg å jobbe i ei stilling som er delt mellom to av seksjonane. Tilsettinga forutset arbeid i tredelt turnus.
Intensivmedisinsk seksjon har regionsfunksjon i vest, er ei topp moderne intensiveining på 13 intensivsenger og behandlar oppunder 600 intensivpasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard i eit spennande miljø, med pasienten i sentrum og eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO.
Kontakt: Seksjonsleiar Siril Iren Sagstad, tlf 414 54 282.
Postoperativ Glasblokkene er lokalisert over to etasjar. Vi overvakar og behandlar pasientar etter obstetrisk og gynekologisk- , endokrin- og augekirurgi. I april 2024 utvida vi drifta til postoperativ overvaking etter barnekirurgi. Vi ser no etter deg som deler vår interesse for kvinnehelse og barn, og som ønsker å bidra til vidare vekst og suksess. Vi vil utvikle vår kompetanse og drift på tvers av etasjane, for både barn og vaksne.
Kontakt: Seksjonsleiar Laila Hauge, tlf 922 54 846.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass kor ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar.
Kontakt: Seksjonsleiar Benedicte Mjelde Vogt, tlf 55 972 436/ 996 42 393.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretar hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar også kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å dyktiggjerast både for intensivpasienten og den postoperative pasienten.
Kontakt: Seksjonsleiar Marianne Årvoll, tlf 55 970 376/977 72 254.
Vi ønsker oss intensivsjukepleiarar som vil ha fagleg vekst, varierte og spennande utfordringar. Vi vil kontakte aktuelle kandidatar fortløpande.
Vi treng deg, du er viktig for oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for overvaking, intensivbehandling og sjukepleie til pasientar i akutt og postoperativ fase
- Arbeidsoppgåvene og prosedyrane er allsidige og varierte, du skal følge opp pasientane i det tverrfaglege miljøet
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Ivareta pårørande
- Arbeid på tvers av seksjonane er forventa
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og /eller sjukehuset si utvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning innan intensivsjukepleie
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Kan effektivt organisere og administrere eige arbeid
- Kunne utføre sjølvstendig arbeid innanfor arbeidsområdet
- Personlege eigenskapar vil bil vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Faglege utfordringer og ein allsidig arbeidskvardag
- Variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap
- Vi legg til rette gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling
- Vi investerer i våre medarbeidarar og arbeidsplanar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Intensiv
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Intensivsjukepleie, Intensivsykepleie, Intensiv, sykepleier, intensiv, intensivsykepleier, KSK
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369182283
- Sist endret