Pedagogisk leiar/barnehagelærar
Ølensjøen FUS barnehage as
- Frist 18.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar/barnehagelærar
I Ølensjøen FUS barnehage treng me nye barnehagelærarar til teamet vårt. Me har pr dato seks av sju avdelingar i bruk - desse er fordelt på eit småbarnshus og eit storbarnshus. Barnehagen ligg plassert i Ølen sentrum og her har me kort veg til sjø, skog og andre sentrumsnære fasiliteter som bibliotek og idrettsanlegg. Med FUS-bussen oppsøkjer me turmål lengre vekk frå barnehagen, å oppleve variert natur som leike- og læringsarena gir verdifulle erfaringar og opplevingar. Det er mange språk og kulturar representert i barnegruppene, språkarbeid og mangfald står sentralt i arbeidet vårt. Personalet sit på mykje kunnskap og erfaring innanfor Barnet først, Tuning Into Kids (TIK) og CLASS.
Med bakgrunn i auka barnetal opnar me ein ny avdeling frå nyttår 2025. I den samanheng søkjer me etter:
- to pedagogiske leiarar
I FUS satsar me på høg og likeverdig kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at personalet utviklar seg sammen med eigne kollegaer i tett samarbeid med universitets - og høgskulesektoren. FUS har fokus på høgt nærvær som bidrar til at barna får ein trygg og god start. Fordi i FUS kjem barna først! Me har derfor forventningar til våre tilsette. Kjenner du deg igjen?
Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst din vaksenrolle og barnet sin rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjoner i eit heilskapleg perspektiv og finn løsningar på utfordringar?
Ja? Da er du FUS!
Arbeids - og ansvarsoppgåver vil blant anna være:
- Dagleg leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for sin avdeling
- Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på sin avdeling
- Være ein del av barnehagen sitt leiarteam
- Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn
Me tilbyr:
- Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av Norges største private barnehagenettverk
- Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling
- Høve til å være med å utvikle barnehagen
- Kokk som lagar måltider
- Opplæring gjennom FUS Skulen
- Ordna tilsetjingsforhold
- Eigne FUS klede
Me ønskjer at du:
- Er utdanna barnehagelærar
- Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
- Har eit stort engasjement for barnehagefaget og menneska du leier
- Har ei grunnleggjande tru og fokus på utvikling av sterke relasjoner til tilsette, føresatte og samarbeidspartnarar
- Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
- Likar å være ute, leike og være på tur med barn
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. Personar med anna relevant høgskulekompetanse kan også søkje. FUS har eit mål om å være ein barnehage prega av mangfald - me oppfordrar derfor også menn til å søkje på denne stillinga.Tilsettinga forutset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell oppstart i stillinga
Om arbeidsgiveren
vennskap, lek og glede - og hverdagsmagi.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Litlehagen 4, 5580 Ølen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnehagelærer, Pedagogisk leder, Pedagog, Lærer
- FINN-kode 369230267
- Sist endret