Seksjonsleiar
Helse Bergen
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar
Vi søkjer seksjonsleiar til Allmenn døgnbehandling på Kronstad DPS
Kronstad DPS er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus som betener bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda, med om lag 98 000 innbyggjarar over 18 år. Mange av desse er studentar. Vi er lokalisert sentralt på Danmarksplass, og er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.
Om seksjonen
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte, målretta opphald til pasientar med varierte psykiske lidingar og ulikt funksjonsnivå. Seksjonen har 20 døgnplassar fordelt på to etasjar, med ei gjennomsnittleg behandlingstid på kring to veker. Vårt tverrfaglege team består av 3 psykiatrar, 2 psykologar, 1 sosionom og 36 årsverk med erfarne miljøterapeutar. Vi er stolte av eit særs godt behandlings- og arbeidsmiljø.
Vi ønskjer oss
Vi søkjer ein engasjert, ansvarleg og løysingsorientert leiar med relevant høgare utdanning innan helsefag. Du har leiarerfaring eller eit sterkt engasjement for leiaroppgåver, og evner å tenkje heilskapleg. Du er opptatt av fagutvikling, gode pasientprosessar og samarbeid, både internt og med eksterne aktørar som kommunehelsetenesta.
Som seksjonsleiar vil du få ansvar for å vidareutvikle og leie vårt allmennpsykiatriske døgntilbod. Du vil sikre effektive pasientforløp, optimalisere ressursbruk og leggje til rette for høg kvalitet i behandlinga. Du vil også få ein sentral rolle i klinikkleiinga og samarbeide tett med både kommunen og andre einingar i spesialisthelsetenesta.
Vi tilbyr
Som leiar får du stor moglegheit til å påverke og vidareutvikle seksjonen gjennom innovasjon og fagutvikling. Du vil få støtte frå eit solid fagmiljø, og vi legg vekt på god leiarstøtte i oppstartsfasen. I tillegg tilbyr vi tilgang til leiarutviklingsprogram og faglege nettverk som støttar både din personlege og profesjonelle utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Fag- personal- og økonomiansvar for seksjon allmenn døgnbehandling
- Ansvar for at vi driv døgnbehandling i tråd med faglege retningslinjer og overordna krav
- Ansvar for å leggje til rette for eit godt og lærande arbeidsmiljø
- Leggje til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte og motivere til fagutvikling
- Halde seg oppdatert og orientert om gjeldande lover og føresegner
- Sjå DPSet sin samla aktivitet som ein heilskap
- Medverke til at seksjonen sine totale ressursar vert utnytta til det beste for heile Kronstad DPS
- Som seksjonsleiar rapporterer du til klinikkdirektør, og du blir del av leiargruppa ved Kronstad DPS
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg utdanning
- Kunnskap og erfaring med arbeid med psykiske lidingar
- Kunnskap om psykisk helsevern
- Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
- Evne til å være samlande og skape engasjement
- Evne til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
- Vere stukturert og måretta
- Sterk på avgjerder og gjennomføring
- Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
- Gode kommuniksasjons- og samarbeidsevner, trivast i eit fleirfagleg miljø
- Vere opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å leie ei flott personalgruppe med mykje kunnskap og engasjement
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Leieropplæring og leiarstøtte
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ibsens gate 7, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Psykiatri
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
seksjonsleiar, Kronstad DPS, seksjonsleder, Kronstad DPS, Kronstad DPS, allmennpsykiatri døgnbehandling, allmennpsykiatri, døgnbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369370855
- Sist endret