Rådgivar/seniorrådgivar
Jernbanedirektoratet
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar – dokumentasjonsforvaltning
Jernbanedirektoratet har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle dagens og morgondagens jernbane. Vi jobbar for at stadig fleire skal velje å reise kollektivt framfor å køyrebil og for at fleire næringsaktørar vel å frakte gods på bane i staden for veg. Jernbanen i framtida skal vere effektiv, berekraftig og sikker – det er kjernen i samfunnsoppdraget vårt.
Seksjonenfor fellestenester har ansvar for at Jernbanedirektoratet sine internestøttetenester innanfor dokumentforvaltning, IT, anskaffingar, service, leiarstøtteog husdrift. Seksjonen skal sørge for at organisasjonen har tilgang til faglegstøtte og verktøy som bidrar til effektive arbeidsprosessar.
Om faggruppa dokumentasjonsforvaltning
Faggruppa dokumentasjonsforvaltning består i dag av fire medarbeidarar.Faggruppa har ansvar for dagleg drift av arkivtenesta i Jernbanedirektoratet oghos Norsk jernbanemuseum. Det er dokumentasjonsforvaltning som formidlarinnsynskrav og som driftar arkivsystemet Elements Online. Ei viktig oppgåve forfaggruppa er å rettleie og halde opplæring for seksjonar og saksbehandlarar idokumentasjonsforvaltning og Elements Online.
Arbeidsoppgåver:
- Registrere, etterkontrolle og rydde i elektronisk arkiv (Elements)
- Kontrolle offentleg journal og formidle innsynskrav
- Gi brukarstøtte innan dokumentasjonsforvaltning og Elements
- Bidra i utarbeiding av arkivfagleg dokumentasjon
- Gi opplæring i Elements og dokumentasjonsforvaltning
- Gjere oppgåver innan administrasjon av Elements
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan dokumentasjonsforvaltning (arkivfag) på høgskulenivå, minimum årsstudium
- Fordel med erfaring med administrasjon av saksbehandlings- og arkivsystem
- Erfaring med opplæring og rettleiing
- Gode norskferdigheiter (munnleg og skriftleg)
- Gode ferdigheiter i Microsoft produkt (Outlook, Teams, Word, Excel og PowerPoint)
- God generell IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Strukturert, sjølvdreven og moglegheitsorientert
- God gjennomføringsevne
- Evne til å handtere parallelle arbeidsoppgåver
- Lagspelar med evne til å dele kunnskap og erfaringar med andre kollegaer
- God formidlingsevne
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit direktorat og ein sektor som det blir satsa på.
- Moglegheit til å bidra til ei berekraftig utvikling av jernbane- og transportsektoren i Noreg.
- Eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og hyggelege kollegaer.
- Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
- God og fleksibel arbeidstidsordning (fleksitid, sommartid, heimekontor etter avtale).
- Løn etter 1434 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar frå kr 532 200–796 600, avhengig av kvalifikasjonane til søkaren.
Arbeidsstad: Jernbanedirektoratet sine lokalar i Oslo, Bergen eller Trondheim.
Vi vil at alle som jobbar i Jernbanedirektoratet skal kunne identifisere seg med våre verdiar: nytenkande, open, modig og kompetent.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det, innanfor dei rammene som stillinga krev.
Les meir om inkludering og mangfald i staten: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
I samsvar med offentleglova § 25 vil offentleg søkarliste ligge føre etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ønsker å reservere deg mot å stå på offentleg søkarliste, må du grunngi dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i tilfelle bli informert før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekke søknaden.
Vi nyttar oss av Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar i rekrutteringsprosessen vår. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i tilknyting til tilsettinga.
Om arbeidsgiveren
Jernbanedirektoratet skal legga til rette for at aktørane i sektoren gir samfunnet nye, heilskaplege og miljøvennlege løysingar for transport av passasjerar og gods.
Kvar dag fraktar jernbana over 200 000 passasjerar og 95 000 tonn gods, og er såleis ein viktig del av infrastrukturen i samfunnet. Oppgåva vår er å sørga for at jernbanesektoren blir driven på ein mest mogleg effektiv, sikker og miljøvennleg måte.
Jernbanedirektoratet har òg ansvaret for Norsk fagskole for lokomotivførere, og tek hand om historia gjennom Norsk Jernbanemuseum.
For mer informasjon se: http://www.jernbanedirektoratet.no/
- Sektor: Offentlig
- Sted: Biskop Gunnerusgt 14, 0185 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Dokumentasjon, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arkiv, dokumentasjonsforvaltning, jernbane, elements
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369453578
- Sist endret