Fagingeniør Blodbank
Helse Fonna HF
- Frist 06.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagingeniør i vakre Hardanger – vi tilbyr no bustøtte for ein enklare start.
Har du lyst å jobbe i todelt turnus med mulighet for friperioder?
Då må du søke jobb hos oss ved Laboratoriet ved Odda sjukehus. Vi har ledig stilling som fagingeniør i blodbanken. Som fagingeniør vil du få ansvar for blodbanken saman med fagansvarlig ingeniør.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og fagleg dyktig team. Sjukehuset vårt er eit mindre akuttsjukehus kjent for sitt tette tverrfaglige samarbeid med dei ulike avdelingane og poliklinikkane.
Vi har et godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidare. Her vil du få høve til å påverke din eigen arbeidskvardag og bidra aktivt til forbetring og kvalitetsutvikling.
Flyttepakke: Reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-). Husleie i 6 måneder (inntil 60.000,-) .
Arbeidstider: Vi tilbyr gunstige turnusbetingelsar.
Studentar oppfordras til å søkje.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat, eller berre send inn søknaden din. Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen til vårt team!
Arbeidsoppgåver
- Nyregistrering av blodgivere
- Hygienekontroll og mottakskontroll av celler
- Bestilling av blodgivergaver
- Ansvar for temperaturovervåking
- Tapping av blodgivere
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå blodbank er ønskeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- er fleksibel og serviceinnstilt
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
Vi tilbyr
Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagingeniør, bioingeniør, odda, trolltunga
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369461011
- Sist endret