Pedagogisk leiar
Helse Bergen
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Hunstad barnehage er den minste av Helse Bergen sine fire barnehagar. Vi har om lag 45 barn i alderen 1- 6 fordelt på våre to avdelingar: Løvstakken og Ulriken. Gjennom omsorg, glede, aktivitetar, leik og rutinar i kvardagen skaper vi ein trygg og god kvardag for barna der de kan lære av eigne erfaringer og kan utvikle seg som ein del av eit sosialt fellesskap.
I barnehageåret 24-25 set vi fokus på barnehagens leikemiljø. Gjennom refleksjon og observasjon skal vi kartlegge barnas behov i leiken og kontinuerleg tilpasse miljøet. Barn leiker fordi dei har lyst og det er den viktigaste aktiviteten i barnehagen.
Livsmeistring og helse er eit felles satsingsområde for alle Helse Bergen sine barnehagar. Gjennom å oppleve livsglede og meistring i kvardagen skal barna i Hunstad barnehage utvikle eit positivt sjølvbilete og bli rusta til å møte livets opp- og nedturar.
Vi søker ein leiken, engasjert og raus pedagogisk leiar som bidrar til fagleg utvikling i barnehagen vår.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg/pedagogisk og adminstrativ leiing og drift av avdelinga
- Vere ein aktiv del av barnehagens leiarteam
- Ansvar for at pedagogisk arbeid på avdeling samsvarer med planar og gjeldande lovverk
- Delta i utviklinga av barnehagens faglege og pedagogiske tilbod
- Ansvar for eit godt psykososialt barnehagemiljø
- Legge til rette for eit godt samarbeid i barnehagen, med føresette og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar
- Det er ein fordel om du har leiarerfaring men ingen krav
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om barnehagar § 19
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for barnehage og leiing
- Du jobbar strukturert, sjølvsetendig og i team
- Du er omsorgsfull, raus, empatisk og respektfull i møte med barn, føresette og kollegaer
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
- Du er fagleg dyktig, reflektert og profesjonell
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Eit stort og godt fagleg miljø med fokus på kompetanseheving og utvikling
- Rettleiing av nyutdanna
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 59, 5053 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagogisk leder, Hunstad bhg, Pedagisk leiar, Hunstad bhg, Hunstad barnehage, barnehagelærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369496314
- Sist endret