Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgjevar /seniorrådgjevar
Juridisk seksjon har som overordna ambisjon å dekke det aller meste av Vestland fylkeskommune sitt rettshjelpsbehov.
I dette ligg å synleggjere og tilby kompetent juridisk rådgjeving for heile Vestland fylkeskommune. Juridisk seksjon har eit stort fagleg miljø med 5 advokatar og 8 juristar.
Juridisk seksjon har også som mål å legge til rette for møtegjennomføring i folkevalde organ i samsvar med lov og reglement, samt at fylkeskommunen tar i vare sine oppgåve knytt til stortings-, kommune og fylkestingsval.
Det er ledig ein nyoppretta fast stilling som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar. Stillinga er lagt til Bergen eller Leikanger.
Av omsyn til kjønnsbalanse i seksjonen vert menn oppfordra til å søke.
Vestland fylkeskommune skal utvikle gode lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei som brukar våre tenester skal oppleve ei fylkeskommune med høg kvalitet.
Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som oppdragsgivar, vil oppgåve og ansvar kunne variere avhengig av kompetanse, erfaring, interesse og behov.
Arbeidsoppgåver
Juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan:
Entreprisekontraktar, eigedomsspørsmål, erstatningskrav i og utanfor kontrakt, klagesakshandsaming, veglov, nabolov, forureiingslov, naturmangfald, plan- og bygningslov.
I tillegg vil ein eller fleire av følgjande oppgåve vere aktuell:
Anskaffingar og innkjøp, rettslege spørsmål som knyter seg til fylkeskommunen som privat og offentleg rettsubjekt, mellom anna som avtalepart og arbeidsgjevar, kommunalrett, forvaltningsrett og offentleglova. Arbeid med høyringsuttaler og eigarskapsforvaltning og eigarskapstyring.
Juridiske spørsmål og arbeidsoppgåve knytt til retten til vidaregåande opplæring for alle busett i fylkeskommunen, ungdom, også vaksne som ikkje har fullført. Spørsmål knytt til retten til grunnskule og vidaregåande opplæring for pasientar i helseinstitusjonar, innsette i fengsel samt barn/ungdom i barnevernsinstitusjonar.
Tilskotsforvaltning, statsstøtte, EU rett, lovheimla myndeutøving på kulturområde, spørsmål innan idrett, kultur, folkehelse, inkludering og integrering.
Spørsmål innan personvern, GDPR, innsyn, sikkerheit og journalføring.
Arbeidsoppgåve som møtesekretær for folkevalde organ samt arbeid med kommune- og fylkestingsval og stortingsval er også aktuelt.
Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som klient må aktuell kandidat rekne med oppgåve ut frå behov, kompetanse, erfaring og individuelle eigeskapar.
Kvalifikasjonar
- Krav om juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- Ønskjeleg med interesse for fleire av dei aktuelle arbeidsoppgåvene
- Ønskjeleg med noko erfaring, men nyutdanna er også velkomen til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Positiv og omgjengeleg som person
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevnar
- Sterk på prioritering for å sikre levering innan fastsatt frist
Vi tilbyr
Positivt og inkluderande arbeidsmiljø prega av rause kollegaer og godt humør
Eit stort faglet fellesskap med ein variert, spennande og om omfattande portefølje
Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Veglov, forvaltningslov, entreprise, anskaffelse, erstatning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370054658
- Sist endret