Inaktiv
Rådgjevar innan Løn og HR
Vaksdal kommune
- Frist 06.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Konsulent/Rådgjevar på Løn og HR
Om stillinga
Likar du å jobbe i team, er interessert i HR/løn, systemoppfølging og systemutvikling? Då kan dette være stillinga for deg.
I Vaksdal kommune har vi ledig stilling som konsulent/rådgjevar innan løn og HR. Stillinga passer godt for deg som liker å samarbeide på tvers i organisasjonen. Rådgiving og service til leiarar og tilsette er ein viktig del av stillinga. Erfaring frå arbeidsfeltet er ein fordel, men stillinga vil også passe for deg som er nyutdanna og ønsker utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsoppgaver
- Ansvarlig for lønskjøring, oppfølging, lønsutbetaling og etterarbeid
- Systemansvarlig (superbruker) i HR og lønssystemet Visma HRM
- Oppfølging og oppdatering av lønsdata og systemendringer
- Sørge for at vi tar i bruk moglegheiter som er i systemet
- Følge opp fråversregistrering, refusjonar, reiserekningar m.m.
- Avstemming og rapportering
- Vere støtte til linjeleiarar og tilsette i lønsrelaterte spørsmål. Herunder gi opplæring og rettleiing
- Vere støtte til HR-leiar i lønsspørsmål og lønsforhandlingar
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Erfaring frå løns- og/eller HR arbeid er ein fordel
- Du bør ha erfaring frå offentleg sektor
- God systemforståing og IT-kompetanse er nødvendig
- Du må ha gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaper
Du er:
- God på samarbeid og teamarbeid
- Framoverlent og utviklingsorientert
- Vant til å jobbe strukturert og sjølvstendig, og holder tidsfristar
Om arbeidsgiveren
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spennande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ønsker at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
- Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Konsulent, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370069853
- Sist endret