Assisterande fagdirektør, psykisk helsevern
Helse Vest RHF
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Assisterande fagdirektør, psykisk helsevern
Ønsker du å bidra til å vidareutvikle ein sterk offentleg spesialisthelseteneste med gode og likeverdige helsetenester innanfor psykisk helsevern og rusområdet på Vestlandet?
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 35 milliardar kroner. Me holdar til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Helse Vest RHF søkjar ein assisterande fagdirektør som vil få hovudansvar for å følgje opp psykisk helsevern og TSB rus, inkludert samhandling med kommunehelsetenesta. Du bør ha høg fagleg integritet, vere ein offensiv, leveransedyktig og samarbeidsorientert leiar som vil vera premissgjevar for og leia strategiske prosessar - og dessutan bidra til at Helse Vest RHF når måla og løyser oppdraga til pasientens beste.
Du har solid og stor fagleg kapasitet og evne til å skapa tillit og samhandling både internt i føretaksgruppa, i dialog med medarbeidarar, brukarar og med andre samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt.
Du har utdanning som lege eller psykologspesialist og har brei erfaring frå spesialisthelsetenesta innan psykisk helse eller TSB rus. Interesse for kvalitetsforbetring, beste praksis og pasientsikkerheit er ein føresetnad, saman med vilje til å finna nye løysingar og samhandlingsformer både regionalt og nasjonalt. Dette krev at du er analytisk, tenker heilskapleg og at du er ein god relasjonsbyggar som forstår, verdset og kan leia omfattande prosessar med god medverknad.
Assisterande fagdirektør rapporterer til fagdirektør. Fagavdelinga har 17 medarbeidarar og assisterande fagdirektør vil ha personalansvar for ein del av dei tilsette i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Viktige strategiske arbeidsoppgåver for vår nye assisterande fagdirektør vil mellom anna vere:
- Bidra til å utvikle den faglege kvaliteten og den riktige kapasiteten på tenestetilbodet i regionen i samarbeid med fagmiljøa i sjukehusa på Vestlandet
- Bidra til å vidareutvikla samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunane, mellom helseføretaka i regionen og mellom dei regionale helseføretaka
- Legge til rette for at dei overordna måla for psykisk helsevern og rus området fram mot 2035 blir nådd. Leie og gjennomføra strategisk prioriterte oppdrag for psykisk helsevern og rus området
- Leie arbeidet i avdelinga knytt til psykisk helsevern, rus og samhandling og delta i leiargruppa i Fagavdelinga.
Kvalifikasjonar
- Strukturert og systematisk
- God strategisk forståing, evne til å skaffa oversikt og sjå heilskapen
- Evne til å omsetja strategiske mål gjennom konkrete tiltak
- Har fagleg og personleg integritet og kapasitet til å vere modig og uthaldande
Personlege eigenskapar
For å lykkast og trivast i rolla bør du mellom anna ha følgande personlege eigenskapar:
- Tryggleik og robustheit i leiarrolla
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige betingelser
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 35 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Kontor og administrasjon, Psykiater
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
innovasjon, teknologi, medisin, ledelse, strategisk arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370177108
- Sist endret