Rådgivar logistikk
Helse Bergen
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar logistikk
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 815 engasjerte medarbeidararar som utfører forsyningstenester, varemottak, pasienttransport, andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, sikkerheitstenester, drift av parkeringsanlegg, sentralbordtenester og kurs- og konferansesenter. Avdelinga har eit breitt samansett
fagmiljø, geografisk spreiing og tenestene er organisert i 8 einingar. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har fornøyde medarbeidarar og brukarar. Rådgjevar rapporterer til avdelingssjef og inngår i team med fleire rådgjevarar.
Avdelinga skal levere effektive støttetenester og utvikle tenestene i samhandling med brukarane. Vi kan tilby gode arbeidsforhold og eit føretak som er inne i ein moderningseringsfase med tanke på nye og spennande utfordringar innan pasientbehandling, digitalisering og stor byggeverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Delta i og/eller leie prosjekt for våre støttetenester knytt til nye og eksisterande bygg, flytteprosessar og anskaffingar
- Koordinering og planlegging av tenester på tvers i avdelinga
- Støtte Hospitaldrift sine einingar innan fagområdet
- Delta i og/eller leie forbetringsarbeid
- Utarbeide beslutningsgrunnlag, planlegge og iverksette tiltak og aktiviteter i samarbeid med leiarane
- Analyse innan fagområdet
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå større organisasjonar innan logistikk, Supply Chain Management og/eller lean/prosesskartlegging
- Erfaring frå prosjektarbeid og/eller samarbeid på tvers av fag
- Erfaring frå forbetringsprosessar
- God munnleg og skriftleg framstilling
- Utdanning på høgskule/universitetsnivå, helst innan master i logistikk og/eller Supply Chain Management
Personlege eigenskapar
- Positiv og løysingsorientert
- Analytisk
- Evne til å arbeide strukturert og sjøvstendig
- Gode kommunikasjonseevner
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Like varierte utfordringar
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Mange spennande arbeidsoppgåver
- Lønn etter avtale
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Fagleg og personleg utvikling
- Bedriftsidretttslag
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Rådgivning, SCM og logistikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rågiver, Sykehus, Logistikk, rådgivar, sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370350373
- Sist endret