Nynorskpraktikant
Stiftinga Nynorsk avissenter
- Frist 15.10.2024
- Ansettelsesform Trainee
Vil du bli journalist – her får du opplæring med lønn
Klar for eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar, og utfordrande journalistisk arbeid?
Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 24. Opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, avis og sosiale medium. Praktikantkurset startar 06. januar 2025 med fire månader i Firda Media i Førde, deretter to månader journalistpraksis i sjølvvald avis i mai og juni 2025. Lønn i heile opplæringstida. Etter 2 kull har vi lært opp 101 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013.
No ser vi etter nye praktikantar.
Over halvparten av dei som har vore praktikantar arbeider som journalist i dag. Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei lyser ut det 42. praktikantkurset med same søknadsfrist, 15. oktober. Vi held til i nye lokale i Nynorskhuset i Førde.
Vi tilbyr
- Eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
- Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald redaksjon
- Førelesingar i språk, journalistisk metode, intervjuteknikk, presseetikk, kjeldekritikk og undersøkande journalistikk
- Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, sosiale medium og datastøtta journalistikk
- Variert trening i tekstproduksjon og arbeid på nettdesk
- Tett oppfølging frå erfarne journalistar og lærarar
- Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
- Hjelp til å skaffe bustad i Førde
Du har
- Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
- Samfunnsinteresse og -engasjement
- Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
- Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
- Førarkort klasse B
Vi ønskjer søkarar frå heile landet og tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Hugs attestar og vitnemål når du søker. Les meir på heimesida vår.
Legg ved ein søknad som fortel litt om deg sjølv, og kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist.
Om arbeidsgiveren
- Stiftinga Nynorsk avissenter gir nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk.
- Vi held til i Førde, med Firda som vertsavis, og tar inn fem praktikantar i halvåret.
- Vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter og har fleire felles førelesingar.
- Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. To av tre arbeider i dag i mediebransjen.
- Vi har hatt eksterne praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, BA, Bø Blad, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sogn Avis, Sunnhordland, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, TV2, Vestnytt, Svalbardposten og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 5
- Sted: Storehagen 10, 6800 Førde
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Journalist, Trainee, Praksis, Opplæring, Nynorsk
Ein dag på desken i Firda. Frontsjefen har med tre praktikantar, og saman set dei fart på lesinga på firda.no (1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370367946
- Sist endret