Teknisk inspektør
Fjord1 AS
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Teknisk inspektør
Er du klar for å bidra til utforminga av framtidas grøne ferjenæring?
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har vi dei siste åra teke ein leiande posisjon i vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og med ei av verdas mest teknisk avanserte fartøysporteføljer er vårt mål klart: Vi skal vi vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport!
No søkjar vi etter ein dedikert teknisk inspektør til vår driftsavdeling i Bergen.
I denne rolla vil du få ansvaret for ei definert fartøyportofølje, og du vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre at våre fartøy alltid er i topp teknisk stand. Saman med teamet ditt vil du planlegge og sikre gjennomføring av vedlikehald og sikre at vi driv sikkert og har føreseieleg drift.
Kva kan du forvente deg?
- Ein plass i eit kompetent og engasjert team på omkring 12 erfarne kollega.
- Ei rolle i eit dynamisk nettverk med andre tekniske inspektørar og vår tekniske driftstøtteteam.
- Moglegheit til å dele erfaringar og kunnskap på tvers av regionar og dermed bidra til å styrke heile vår organisasjon.
Kva vil dine oppgåver være?
- Være det viktige bindeleddet mellom landorganisasjonen og fartøya.
- Bistå fartøya med tekniske utfordringar og sikre at dei er teknisk operative.
- Saman med fartøya styre budsjett, planlegge og gjennomføre verkstadopphald.
For å lykkast i rolla bør du ha:
- Solid teknisk kompetanse og evne til å løyse komplekse utfordringar.
- Høg gjennomføringsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Ei relasjonell tilnærming og evne til å skape gode relasjonar til dine kollega.
Er du rett person for denne spennande stillinga? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk oppfølging av fartøy
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
- Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
- Oppfølging av budsjett/økonomi
- Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap
- Stillinga innebærer ein del reising
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, t.d maskin, nautikk eller anna teknisk fagretning
- Kjennskap til skip/maritim drift
- Kjennskap til skipselektro
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- God kjennskap til bruk av IT som arbeidsverktøy
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Gode samhandlings og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Moglegheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidsordningar
- Gode velferdsordningar
Om arbeidsgiveren
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Sektor: Privat
- Sted: Kong Chr. Frederiks Plass 5, 5006 Bergen
- Bransje: Elektronikk, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Maskinist, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teknisk inspektør, ferje, maritim, maskinist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370476714
- Sist endret