Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 29.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka
er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning. I pasientbehandlinga leverer vi høgspesialiserte tenester på fleire fagfelt.
Sjukehusapoteket i Bergen leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Bergen, samt til andre private institusjonar og kommunehelsetenester.
Det er eit av dei største apoteka i landet med omlag 135 tilsette fordelt på fem avdelingar innan forretningsområda publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester.
Vi er i stadig vekst og utvikling, og søker no etter nye engasjerte tilsette til produksjonsavdelinga og sjukehusekspedisjonen. I begge avdelingane utfører apotekteknikarar fleire viktige oppgåver, både i dagleg drift i apoteket og i utføring av tenester for andre.
Vi forventar ikkje at du har erfaring med å jobbe i sjukehusapotek frå før, men at du har pågongsmot og interesse for å
lære.
Våre nye medarbeidarar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire og andre avdelingar, basert på kompetanse, tidlegare erfaring og ei heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.
Ei av stillingane vil bli delt mellom Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket Haraldsplass.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver kjem an på avdelinga stillinga er plassert i:
- Produksjonsavdelinga: Klargjering og aseptisk framstilling av legemiddel til intravenøs bruk.
- Sjukehusekspedisjonen: Forsyning av legemiddel og andre apotekvarer til sjukehuset, samt utføring av apotekstyrte tenester.
- Delta i apotekets vaktordning.
- Andre oppgåver i avdelingane kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som apotekteknikar eller anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn
- Bestått 3-årig vidaregåande skule
- Vi ser både etter nyutdanna apotekteknikarar, du som har jobba i apotek og ynskjer å prøve noko nytt,eller du som har jobba i andre sektorar og no ynskjer nye utfordringar i eit sjukehusapotek
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere positiv, fleksibel og samarbeide godt med andre
- Du er nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet
- Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar.
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Naudsynt opplæring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
apotek, sykehus, logistikk, produksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370492778
- Sist endret