Driftsteknikar Mekanisk
Norsk Hydro
- Frist 6.10.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du Hydro Energi Sogn sin nye Driftsteknikar Mekanisk?
Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det vere eit betydeleg aktivitetsnivå i Sogn, både med utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar. I tillegg til dette skal ein ivareta daglege oppgåver innan drift og vedlikehald.
I Hydro Energi Sogn har me 27 tilsette, hovudsakleg ingeniørar og operatørar, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og kontor.
Vedlikehaldsavdelinga består av 16 tilsette, og har ansvar for drift og vedlikehald av kraftstasjonane og tilknytte reguleringsanlegg.
Vi søker no etter Driftsteknikar innan mekanisk til vår vedlikehaldsavdeling.
Ansvarsområde
Som Driftsteknikar har du ansvar for gjennomføring av vedlikehaldsaktivitetar, samt å delta i planlegginga av desse. Du deltar også i ulike prosjekt innan drift og vedlikehald.
Dette inneber blant anna:
- Rapportering av farlege forhold og uønskte hendingar, samt eit aktivt og førebyggjande HMS-arbeid
- Planlegging av aktivitetar i samarbeid med andre fagdisiplinar
- Utføring og oppfølging av vedlikehaldsaktivitetar • Delta og bidra i kontinuerleg forbetringsarbeid
- Delta i tverrfaglege prosjekt
- Vere ein pådrivar innan digitalisering og automatisering av anlegg og prosessar
Stillinga inneber å vere «Leder for sikkerhet vannvei», samt å delta i avdelingens driftsvaktordning. Sidan det også inneber vedlikehaldsaktivitetar i reguleringsområdet, bør du vere i god fysisk form.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som mekanikar/industrimekanikar
- Erfaring frå relevant industri/mekaniske fag er ønskeleg
- Erfaring frå vasskraftanlegg er ein fordel men ikkje eit krav
- Kompetanse på SAP eller tilsvarande vedlikehaldssystem
- Tegningslesing og forståing
- Lærevillig og løysingsorientert
- Beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
Vi ser etter deg som er pliktoppfyllande, strukturert og sjølvstendig - og som samarbeider godt i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
Annan informasjon
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.
Stillinga rapporterer til Vedlikehaldsleiar og er tilsett i Hydro Energi Sogn, med oppmøteplass føretrekt i Årdal.
I stillinga inngår periodisk utveksling av personell mellom Årdal og Fortun, ut frå behov og planlagte aktivitetar.
Vi ber deg vennlegst legge ved eit søknadsbrev og kopi av relevante vitnemål, karakterutskrifter og sertifikat med din søknad. Vi aksepterer berre elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV blir ikkje motteke på e-post.
Søknadsfrist: 06.10.2024
Hvis du har spørsmål kan du kontakte:
Leder
Jan Erik Vold
E-post: Jan.Erik.Vold@hydro.com
Mobil: 91727186
Rekrutterer
Siri Romsbotn
E-post: Siri.Romsbotn@Hydro.com
Mobil: 46433363
Om arbeidsgiveren
En jobb der du betyr noe.
For å lykkes med denne oppgaven er det viktig å legge til rette for et kollegialt miljø der forskjellene våre blir verdsatt som vårt største konkurransefortrinn. Et mangfoldig perspektiv gjør oss sterkere. Vårt globale program for mangfold, inkludering og tilhørighet lar oss utvikle en arbeidsplass med høy ytelse og inkluderende egenskaper der alle føler seg verdsatt.
Karriereutviklingen din er unik. Vi streber etter å gi deg den støtten du trenger for å oppnå ditt fulle potensial. Den globale utstrekningen vår, den inkluderende kulturen og den banebrytende teknologien vi bruker gir deg muligheten til å bygge en karriere i tråd med dine styrker og lidenskaper.
Bli en del av vårt globale konsern med over 30 000 personer, tilstedeværelse i 40 land og med fokus på omsorg, mot og samarbeid. I Hydro har du muligheten til å gjøre en forskjell i bransjer som betyr noe.
- Sektor: Privat
- Sted: 6884 Øvre Årdal
- Bransje: Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Mekanikk og installasjon, Teknisk personell, Teknisk service
Nøkkelord
driftstekniker, mekanisk, vannkraft
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 370976568
- Sist endret